Monsterlinja: Lokalisering av trafostasjon på Heiane i Sykkylven er uakseptabelt

Naturvernforbundet sitt overordna syn på denne lina skulle vere godt kjend; vi går inn for sjøkabling. Men om det no vert luftspenn, vil vi gå inn i diskusjonen om å finne dei alternativa som gjer minst skade på natur og miljø, skriv Naturvernforbundet i Møre og Romsdal i ei fråsegn til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Konklusjonen frå Naturvernforbundet er klår: Både alternativet i Vikedalen og alternativet i Aurdalen er skjemmande og vil verte sjenerande for folket i Sykkylven, men alternativet på Heiane er i strid med intensjonane i lov om biologisk mangfald.

Myrområdet på Heiane er registrert som eit område med nasjonal verdi. Her finst naturtypar som er oppført på raudlista. Etter planene til Statnett vil der bli lagt veg tvers over myra. Denne vil drenere myra og redusere artsmangfaldet i ein grad vi ikkje kan forutsjå.  Det vil og verte eit massivt inngrep i eit fjellandskap som er godt eksponert frå Fagerfjellet. Fagerfjellet er eit av dei mest nytta turmåla for folket i Sykkylven sentrum.

Naturvernforbundet kan ikkje sjå at ei forskyving av stasjonen lengre opp mot Borgundkollen kan vere realistisk. For å spare myra må det sprengast mykje fjell.Tilkomst til stasjonen frå aust, utan å gå over myra, vil ha uheldige verknader for kulturlandskapet på Grepstadstølen der det er registrert fleire raudlisteartar.