Viktig naturvernsiger i Bjørkedalen!

Olje- og energidepartementet har stoppa planane om utbygging av småkraft i Laurdalselva. Naturvernforbundet jublar.

– Laurdalselva er eit av svært få vassdrag i verda som renn på olivingrunn. Dette gir heilt spesielle naturtilhøve og truleg ein artssamansetning som er heilt unik. Det er viktig å behalde slike unike vassdrag for framtida; også etterkommarane våre må ha høve til å oppleve og undersøke slik natur, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Hovudvekta i Olje- og energidepartementet sitt vedtak er lagt på:

– Bekkekløft som truga naturtype som vi har internasjonalt ansvar for

– som har potensial for raudlisteartar som kan bli påverka av vassføring (påvist 3 NT-artar, men rekna potensial for fleire)

– og ligg attpåtil i eit verna vassdrag

– i eit område med mange kraftverk frå før/høg samla belastning

Ein kan elles legge merke til at olivingrunn ikkje er vektlagd direkte. Det tyder også at avgjerda kan få verknad for andre saker.

Denne klageavgjerda er ikkje første gongen for Møre og Romsdal at eit løyve til utbygging blir omgjort av OED. I 2007 opplevde vi at dette skjedde i Rauma, då Kvannkraft ikkje fekk bygge ut likevel.