Natur og Motor roter

Mykje ser forskjellig ut anten ein sit på ein snøscooter eller slett ikkje sit på eit slikt køyretøy. Det kan vi sjå av lesarbrevet frå Natur og Motor i fleire aviser den seinare tida.

Natur og Motor kan fortelje at det er minst 9 km mellom snøscooterløypene i Vadsø kommune og at Naturvernforbundet tullar med kartforståinga eller driv med medvite løgn når vi seier det er 5 km i mellom i snitt. Naturvernforbundet kan fortelje at det er 15 snøscooterløyper som startar frå hovudvegen/korte sidevegar på ei strekning på 52 km. Det går også fram av kartet som illustrerte lesarbrevet frå Natur og Motor. Naturvernforbundet vil ikkje påstå at Natur og Motor driv med medvite løgn, men trøbbel med matematikken har dei i alle fall.

Viss ein snøscooter køyrer 15 km innover i fjellet, kor langt må ein gå på ski for å kome forbi snøscooteren så mykje at han er i fred og ro? Viss skigåaren køyrer 15 km snøscooter først og går etterpå er gjerne 5 km nok. For Naturvernforbundet er det eit poeng å ta seg ut i naturen utan først å køyre. Då blir det 20 km å gå. Dessutan like mykje heim att, og så var det turen i fred og ro i tillegg. Det blir litt meir enn ein familietur.

Natur og Motor seier at 60 % av arealet i nemnte kommune er fri for snøscooterkøyring. Eg har budd i den kommunen i 10 år og er mellom dei få som brukte ein del av desse areala. Eg trefte ikkje mange sidan det var langt å gå. Dessutan kunne ein aldri vite om det blei forandring i veret og overnatting ute. Kartbruken var vel også meir krevjande enn dei fleste treivst med. Det kan vere like greitt at fjellrev og jerv får ha desse områda mykje for seg sjølv.

For folk flest er det viktig at det er lettilgjengelege område i nærleiken av der dei bur. Naturvernforbundet ser det som ein stor fordel at det normale er at områda er snøscooterfrie, og at transport blir avgrensa på ulike vis. At folk kjem seg ut til fots er bra for både helse og miljø.

Vi ser også at Natur og Motor har nedjustert klimagassutsleppa frå fritidsbåtane. Framleis står eit tal som er ca. 1500 gongar høgare på faktasida deira.

Som her er vist er Natur og Motor noko lettvinte med fakta på ein del område og Naturvernforbundet er heller ikkje særleg imponert over mykje av det andre som sto i deira lesarbrev.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen