Forureining og Avfallsdumping i Vestnes

Kommentar til Guttorm Kjelsvik i Senterpartiet i Vestnes.

Naturvernforbundet i Vestnes ser att Senterpartiet ved Guttorm Kjelsvik tek utfordringa vår angåande å løfte forureiningsproblema i Vestnes fram til ein samfunnsdebatt. Det var eit tilsvar frå Kjelsvik si side som kommunestyrerepresentant som hadde konstruktive svar på Naturvernlaget sitt innspel. Eit sitat frå Kjelsvik: ”Haldningane til kva som er avfall har endra seg. Utan att det ligg samlemani bak, samlar folk på ting i dag som andre meiner framstår som avfall”. Naturvernforbundet i Vestnes ynskjer ikkje å ta vekk ein gammal deletraktor eller ein reserve – forhaustar frå folk som driv gardsdrift eller er mekanisk interesserte. Ein industrieigar som driv mekanisk verksemd, ein motor og mekanikkinteressert eller ein gardbrukar skal ikkje føle seg som miljøsvin på grunn av ein hobby eller naudsynt reiskap for driftsgrunnlaget. Vi har ikkje brydd oss med og kjem heller ikkje til å registrere våre noko fiktive og anonymiserte vener ”Sæbedeus på Dalen” sine fire delebilar eller ”Levion i Myrå” sine plogar og horver attom låven. Når det vert 20 – 80 bilvrak, bildekk syrelekkande batteri asbestplater og oljefat med restinnhald strødd rundt om i terrenget vert det eit heilt anna spørsmål. Det er i slike tilfelle vi vil bruke lovverk og politikarmakt til å få rydda opp. Vi er einige i att ein kommune skal bruke eit fornuftsmessig skjøn når paragraf 37 i Forureiningslova angånde pålegg om opprydding skal brukast. Alle har eit rettsvern og eit personvern som medborgarar. Naturen sitt vern og framtidige generasjonar sitt vern er diverre langt svakare. Difor kjem vi i situasjonar der ein må beskytte ein svak part (som naturen er juridisk) mot destruktiv framferd frå enkeltpersonars og nokre bedrifters side. Debatt fører til att det skjer noko. Stillstand er kun eit gode for forureinaren. Det er slik vi ser det stor skilnad frå kommunalt hald, på å aldri bruke eit slikt skjøn, kontra å gjere seg nytte av det i dei rette tilfella. Kva som er dei rette tilfella avslørar våre rapportar tydeleg. Kjelsvik er inne på desse heilt sentrale perspektiva.

Laget har framleis minimum tre registreringssesongar av ulovleg avfall att langs elvane våre. Langs sjøområda og andre stader er det og mykje skadeleg avfall vi veit om. Det var det som gjekk på ulovleg dumping vi i størst grad ville påpeike angåande revisjonsrapporten. Mogleg eg der var noko flytande og uklar i samanhengen. Hushaldningsavfall og avfallsortering er noko vi i ei viss grad har arbeidd med, men det er våre feltregistreringar langs vassdraga vi verkeleg kan meine noko kvalifisert om via mykje tidsbruk i ulende og kjerr kor helst hjorten tek seg fram. Eit lastebilvrak, oljefat og bilbatteri midt i kvitveisbløminga langs barden av ei flaumande vårelv vert feil å sjå på. Tilbakemeldingane frå nesten heile landet etter radioprogrammet Naturens Verden i NRK – p1 førre året, kor vi hadde 20 minutt innslag angåande i hovudsak dyrelivet og forureining langs Skorgeelva, synleggjorde att folk lokalt og nasjonalt er einige i det. Bystyremedlemmar frå Trondheim og Bergen tok kontakt og. Når desse problema er teke skikkeleg tak i og gjort noko konstruktivt med i heile kommunen vil vi få tid til haldningsskapande arbeid som Kjelsvik skriv om i eit framtidsperspektiv. Vi vil definitivt att politikarar skal ha gode og samfunnsansvarlege haldningar til slike spørsmål. Etter kva tilsvaret frå Sp i Vestnes seier oss, har partiet forståing for kva vi driv på med på avfallsfronten og har sine miljøperspektiv på forureining av ulik karakter. Vi takkar for gode ord frå Kjelsvik og Sp si side. Kven vert neste mann ut av dei politiske partia i å snakke om ulovleg avfall og miljøet vårt? Alle partia må vise andlet miljøpolitisk no. Det krev vi at dykk gjer. Vert det du Knut? Det er diverre tradisjon for ”rotpeisar” i fleng over lang tid ser du. Det synlege og fordekte avfallet kan vi godt vise deg. Det vert ei lang økt sjølv i redusert utgåve på deg og andre politikarar av raud, grøn og blå farge som trur vi overdriv. Vi har brukt 16 dagar kun på Skorgedalen og Skorgeneset samt Viånarapportane

Bernt Gjelsten

Leiar, Naturvernforbundet i Vestnes

Bernt Gjelsten har telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Endeleg rapport etter undersøking av Vestnes kommune som miljøvernmyndigheit

Oppsummering av kommuneundersøkelsen DN og SFT gjennomførte i 2008

Oppsummeringsrapport

Tabell over undersøkte kommuner