Fleire eventyr frå Allskog

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Jarle E. Holberg, Allskog, seier i eit innlegg nyleg: ”Vernet skog vil før eller siden råtne, brenne eller blåse over ende, og da frigjøre den CO2 den har fanget i den tida treet har vokst.”

Den første delen av utsegnet er heilt rett. Men konklusjonen er mest eventyr.

For 10 000 år sidan var det berre stein og grus i landet vårt. Etter den tid har det blitt grønt, og det har blitt brunt jordsmonn. Mesteparten av det som finst av bunden CO2 i skog og mark har blitt til ved at myra har vokst og skogen har ramla ned og råtna eller brent. Bioforsk har laga ein rapport om dette:  ”Bioforsk Rapport, Bioforsk Report Vol. 5 Nr. 162 2010: CO2-opptak i jord og vegetasjon i Norge – Lagring, opptak og utslipp av CO2 og andre klimagasser.” Dei fortel i denne rapporten at det er lagra til saman ca. 3 milliardar tonn karbon i skog og myr. Noko over 300 millionar tonn av dette skriv seg frå tømmerstokkar, resten er i røter og jordsmonn.

Viss det Holberg seier er rett, at verna skog ikkje samlar CO2, då er alt brunt jordsmonn kome dit dei siste 500 åra, etter at Allskog og forgjengarane deira begynte å hogge skogen. Tru det den som kan. Holberg gløymer at tømmerstokken berre er ein liten del av CO2-samlinga, og då blir Holberg sin konklusjon gal.

Vi veit noko om at det aukar på med karbonlagringa i tømmerstokken, fordi det har blitt fleire tømmerstokkar dei seinare åra. Vi veit ikkje om det aukar på same måten i jordsmonnet, for det er lite undersøkt. 3 milliardar tonn karbon samla over 10 000 år, det er 300 000 tonn i året. Når ein kan tenkje seg at prosessen gjekk treigt til å begynne med, så vil det nesten vere rart om det ikkje aukar på ein del framleis. Men vi veit at ein del av det som har vore samla opp i myra gjennom lang tid no lek ut igjen, og då som følgje av at særleg skogbruket og jordbruket har grøfta mange myrer. Moderne skogsdrift der skogbotnen blir mykje opprota er nok heller ikkje særleg bra.

Holberg masar elles om at FN sitt klimapanel seier at skogen skal hoggast og det skal plantast for å fange mest mogleg CO2, slik klimameldinga legg opp til. Truleg har Holberg her tatt noko ut av sin samanheng. I FN-rapporten står det mest om gjenplanting. Det skuldast gjerne at dette er skrive mest med tanke på regnskog som alt er hogd. Då skal ein vere varsam med å konkludere med at klimapanelet tilrår å hogge gamalskogen for å plante ny skog.

Elles kan det vere greitt å ha målet klart. Det er om å gjere at ein ikkje slepp ut mykje CO2, og det er viktig at CO2 som blir fanga blir halde fanga lenge. Ein stor fangst av CO2 er totalt uinteressant om han slepp ut igjen snart etter. Planta skog som blir hogd vil sleppe ut bunde CO2 i løpet av 2,1 år, i motsetnad til verna skog som bruker opptil fleire hundre år på det same.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal