Naturvernforbundet med klage på oppdrettsdispensasjon i Gjemnes

Gjemnes kommune har vedtatt å gi dispensasjon frå kommuneplanen, slik at eit område i sjøen ved Jelkremneset som i dag er vedtatt til føremål NFFF (natur og friluftsliv) skal kunne nyttast til oppdrettsnæring i staden. Naturvernforbundet er både forundra og forarga over vedtaket.

I sakshandsaminga til Gjemnes kommune er det vurdert om det finst særlege grunnar for å kunne gje dispensasjon. Det vi ser er ein søknad frå ei næring som har til hensikt å tene pengar. Dei held på med ei næringsverksemd som i mange år har ligge på grensa og etter Naturvernforbundet si meining godt utanfor grensa for kva som på lang sikt er biologisk berekraftig, og ser seg no nøydde til å ta konsekvensen av det. Sidan det er opplese og vedtatt ein eller annan stad at næringa ikkje skal reduserast for å få dette til, men tvert om utvidast, er næringa nøydde til å ta i bruk område som ikkje alt er øydelagde. I vårt område blir dette kalla Nordmørsmodellen. Naturvernforbundet har tenkt å kalle ein spade for ein spade, og reknar denne søknaden som å ha ei grunngjeving – eit oppdrettselskap ønskjer å tene pengar. Dette er ingen særleg grunn som ein kan bruke til å gje dispensasjon.

Naturvernforbundet minner også om at det finst fleire grunnar til ikkje å gi dispensasjon:

Areal eigna for friluftsliv knytt til sjø er dei seinare åra blitt sjeldnare og sjeldnare. Det blir stadig bygd både det eine og det andre i og nær fjæra, og ein del tidlegare avgrensa verksemd har utvida seg og virkar no meir privatiserande. Sjølv om ikkje friluftslivet nødvendigvis blir fysisk hindra har alle desse påverknadsfaktorane gjort at lysta til å opphalde seg på sjøen og i fjæra blitt redusert. Retten som alle har til å drive friluftsliv har med det blitt uthola og redusert. Areal eigna for enkelt friluftsliv er ein avgrensa ressurs som ein må ta vel vare på om det skal vere noko igjen etter vår generasjon. Arealet det gjeld her har regional verdi og er ikkje nokon heilt ordinært område.

Laksen i vassdraga som finst nær dette området har det ikkje særleg bra. I tillegg til gyrodactylus er det problem med lakselus og ikkje minst innblanding av tamlaks. Sjølv om tiltak er sett inn mot røming har vi nettopp no registrert eit nytt tilfelle i vårt distrikt der tamlaks har hamna i fjorden i store mengde og venteleg vil skape nye utfordringar for laksen i elvane våre. Oppdrettsnæringa har berre avgrensa truverde i dette spørsmålet. Dei er nøydde til å legge nye lokalitetar i område med stadig sterkare straum for å omgå problem med opphoping av fiskemøkk og forspill på botnen. Sjølv om teknologien har betra seg er utfordringane også auka og røminga vi har registrert no blir noko ikkje den siste, same kva garanti næringa sjølv leverer. Det er også ein del skipstrafikk i området og ikkje alle desse båtane ser ut til å ha full kontroll med kor dei er til ei kvar tid. Det gjeld både båtar frå og til Sunndalsøra og båtar som ligg for anker på Freifjorden. Det einaste som hjelper mot tamlaks i elvane våre er fjordar med færre tamlaks som kan røme.

Tilførsla av næringsemna nitrogen og fosfor i form av fiskemøkk og forspill er betydeleg i våre område. Utsleppa frå oppdrettsnæringa er aleine vel så stor som frå landbruk, næringsmiddelindustri og oss menneske til saman. Årsaka til at vi ikkje merker meir til dette enn vi gjer er at dette blir blanda ut i mykje vatn. Med så store utslepp er det mykje vatn som blir påverka. Før eller seinare vil vi få døme på at grensa er nådd. Skadeverknadene vil nok bli størst for oppdrettsnæringa sjølv, men mykje anna kan og bli negativt påverka.

Bruken av ei rad fiskeartar til for for fisk og anna viser også ein del døme på uforstand. Fiskeartar høgare opp i næringskjeda slit, og sjøfuglane våre finn ikkje mat til ungane sine. Sjølv om ikkje oppdrettsnæringa er aleine om dette, er dette nok eit moment som peiker i retning av at volumet av samla fiskeoppdrett ikkje bør auke før ein har full kontroll med dette. Nordmørsmodellen ser ikkje ut til å vere nokon garanti for at samla volum ikkje aukar.

Det kan virke litt uklart om det er kaldtvasskorallar i området, kor nær desse er og om dei kan bli påverka. Naturmangfoldslova seier noko om verknader av kunnskapsmangel som tilseier at ein då får gjere ting i rett rekkefølgje – først få sjekka opp om det er kaldvasskorallar i området som kan bli påverka og så kan ein ta stilling til om eit prosjekt kan gjennomførast. Veit ein ikkje noko skal ikkje nye tiltak som kan vere til skade gjennomførast.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har fleire kommentarar. Han kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les heile klagen til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Tilleggsinformasjon om korallar i området

Kart med påteikningar

Vedtaket i Gjemnes kommune

Behandling av klage i Gjemnes kommune

Endeleg rapport etter undersøking av Gjemnes kommune som miljøvernmyndigheit

Saksframlegg Gjemnes kommune

Klage 1. juli 2010 på akvakulturkonsesjon