Energikrise?

Den siste tida har mange hevda at vi vil få ei energikrise i Møre og Romsdal. Ordet har til og med vore nytta i Stortinget. Naturvernforbundet meiner bruken av ordet «energikrise» i Møre og Romsdal blir nytta av aktørar som er ute etter å mele si eiga kake.

I Naturvernforbundet meiner vi det er viktig å minne om den rette energikrisa – nemlig det at vår ukritiske bruk av energi fører til farlege og urettferdige klimaendringar. Folk døyr på grunn av energibruken vår.

Kva er så stoda i Møre og Romsdal? Her er det vedtatt nokre industriutbyggingar som krev meir elektrisitet enn det som til no har blitt produsert i fylket. Det er nødvendig å sette inn tiltak for å få fram denne elektrisiteten. Dette har ein kostnad, og det meste av debatten rundt ”energikrisa” er ein debatt om kven som skal betale.

Dessutan ser vi eit godt døme på at ulike aktørar er ute etter å mele si eiga kake. Enkelte aktørar, som energiselskapa, ser at dei kan tene pengar på gasskraftverk samstundes som dei framstiller dette som ein samfunnsnyttig innsats. Andre, som Statnett og NVE, nyttar krisemaksimeringa til å skjule sin eigen manglande innsats for å fremje berekraftige løysingar.

Vi som ønskjer å gjere noko med dei globale klimaendringane ser at det vil vere nødvendig med ein samordna innsats for å sikre både elektrisititetsforsyning og miljø. Førebels er det ingen som har tatt på seg ansvaret for å sikre dette. Det gir grunn til uro. Særleg for dei som blir råka av klimaendringane i verda.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Oppslag om debatten i Stortinget i Sunnmørsposten 17. februar 2006