Naturvernforbundet inn i samferdselsdebatten i Møre og Romsdal
Det er aukande uro blant naturvernarar i Møre og Romsdal knytt til dei store satsingane på samferdsel i fylket og natur- og miljøkonsekvensane av desse. Dette vil Naturvernforbundet sette fokus i eit samferdselsseminar 17. januar 2015.
Seminaret blir arrangert i på Alexandra Hotel i Molde laurdag 17. januar kl. 1000 – 1600
Det er gratis å vere med på seminaret, og det og er ope både for medlemmene i Naturvernforbundet og andre interesserte.
Av omsyn til lunsjbestilling ber vi om påmelding innan tysdag 13. januar.
Innleiarane på seminaret:
Lage Lyche er seksjonsleiar for infrastruktur i Møre og Romsdal fylkeskommune
Holger Schlaupitz er fagsjef i Norges Naturvernforbund.
Aud Tennøy er forskningsleiar i Transportøkonomisk institutt.