Gjer som Hotel Union
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Det enkle er ofte det beste. Når Hotel Union i Geiranger set fram middagstallerknar som er litt mindre enn dei vanlege, så tar gjestane mindre mat på tallerken, og legg igjen mindre restar til slutt. Truleg er gjestane rikeleg mette når dei er ferdige med å ete også.
Det er store klimagassutslepp knytt til mykje av maten vår. Dei mest meiningslause utsleppa er knytt til mat som blir produsert, men ikkje blir ete opp. Difor er det eit godt tiltak når ein får til å redusere forbruket av mat som elles avsluttar som avfall.
Gratulerer Hotel Union. Til alle dykk andre, gjer som Hotel Union, kast mindre mat.
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal