Sunnmøre Veginvest: Sats i staden på gang- og sykkelvegnett, buss og nye ferger
Ålesundsregionens utviklingsselskap (ÅRU) ønskjer å få auka satsing på vegprosjekt i området sitt. Naturvernforbundet har i eit brev til ÅRU gitt vårt syn i saka.
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner følgjande fem prosjekt i distriktet er dei viktigaste :
1. Nytt gang- og sykkelvegnett i Ålesund 2. Nytt høgfrekvent kollektivtilbod Volda – Ålesund – Kristiansund 3. Trafikktryggingstiltak og rassikring på stam- og riksvegsambanda på Sunnmøre 4. Investering i, og samordning av, kollektivtrafikken i Ålesundsområdet 5. Fornying av dei gamle ferjene i Ålesundsregionen
Av desse vurderer vi nytt gang- og sykkevegnett i Ålesund som det viktigaste. Dette vil saman med opprusting av kollektivtilbodet i regionen avgrense forureining og inngrep frå vegutbyggingar i området.
Naturvernforbundet er opptekne av at det vert teke miljøomsyn i prioritering av vegprosjekt.
Generelt er vi av den oppfatninga at det miljømessig er ønskjeleg at vegmidlane vert prioritert til tiltak for gåande og syklande, utbetringar av flaskehalsar, andre trafikktryggingstiltak og rassikringsprosjekt.
Vi trur samstundes at det er viktig for folk sitt val av bustad og bustadskommune at dei opplever arbeids- og skulevegane som trygge for ras og ulykker. I mange høve vil trygge vegar vere langt viktigare for folk enn t.d. å erstatte ferjestrekningar med bru eller tunnel.
Gode kollektivtilbod kan også skapast ved hjelp av vegmidlar, først og fremst gjennom nye og betre terminalar, haldeplassar og tiltak for raskare framføring for buss i og rundt Ålesund, der bussen får redusert framføringshastighet grunna for høg personbiltrafikk.
Med helsing Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Øystein Folden
leiar tlf. 918 12 542