Krav frå Naturvernforbundet: 5000 i tilskot til alle som installerer pelletskamin eller varmepumpe

Det har vore mykje diskusjon om energiforsyninga til fylket den siste tida. Naturvernforbundet utfordrar Møre og Romsdal fylke til å få utgreidd ei tilskotsordning der alle som installerer pelletskamin eller varmepumpe får 5000 kr i tilskot. Andre sparetiltak bør også utgreiast.

Naturvernforbundet meiner dette er det beste og mest konkrete tiltaket som har blitt foreslått hittil når det gjeld energiforsyninga til Møre og Romsdal, fordi:

1) det er det mest miljøvenlege forslaget som har kome til no – vi treng ingen kraftliner, ingen elver i røyr og ingen klimagassutslipp. Tvert imot.

2) det er det mest målretta tiltaket fordi vi då vil spare mest straum på dei tidspunkta då belastninga på nettet vil være høgast. Dermed vil det vere det mest målretta tiltaket i forhold til å unngå overbelastningar på nettet.

3) det har potensiale i seg til å frigjøre store energimengder. Det er minst mogleg å spare straum tilsvarande halvparten av det Hustadmarmor brukar.

4) det kan gjennomførast no! Her må det ikkje lagast meldingar, konsesjonssøknader, omfattande saksbehandling eller lang byggjetid.

5) det er det billigste tiltaket som er lansert hittil, kostnaden ser ut til å vere lågare enn småkraftverk (Aurstadfossen i Volda er ei svært omstridt utbygging som er dyrere enn dette).

6) det gir innsparingar for dei som vel å gjennomføre tiltaket – folk får lågare straumrekning, ikkje høgare.

Erfaringar frå Enova-ordninga i 2003: 20 000 husholdninger sparte i snitt nesten 6000 kWh pr. år, dette tilsvarar 110 GWh eller 0,1 TWh.

Kontakt Øystein Folden på telefon 91 81 25 42 for meir informasjon.

Evaluering av tilskotsordninga i 2003

Brevet til Møre og Romsdal fylke