EUs fornybarbardirektiv – eit tviegga miljøsverd

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

EU har som mål at 20 prosent av energiforbruket skal dekkast av fornybar energi i 2020. For å få til det vil det bli sett krav til å auke delen fornybar energi i alle EU-landa. Kraftprodusentane klappar for det i tru på at meir vasskraft kan byggast ut i Noreg. Meir vasskraftutbygging vil kunne oppfylle EU sitt direktiv, men kvifor skal vi løyse eit problem med å skape eit nytt? Meir vasskraftutbygging vil gå utover viktige naturverdiar og mangfaldet i naturen.

Norges Naturvernforbund roper difor eit varsko. Her i landet er meir enn to tredelar av vassdraga allereie regulert, og 7 av dei 10 høgaste fossane er lagde i røyr. Det er eit politisk mål å stanse tapet av naturmangfald innan 2010, og ytterlegare vasskraftutbygging vil redusere naturtypar i Noreg. Trass i statsminister Jens Stoltenberg sitt løfte i nyttårstala for 2001 og eit klart fleirtal i Stortinget om at tida for dei store vasskraftutbyggingane er over, held NVE fram med å gi konsesjonar. Er det noko vi ikkje treng, så er det press frå EU for å bygge ut endå meir.

For å nå kravet om auka fornybardel må vi anten auke produksjonen av elektrisk kraft frå fornybare energikjelder som vasskraft eller vindkraft, eller auke forbruket av varme frå fornybare energikjelder, eller redusere det totale energiforbruket. Delen fornybar energi utanom oljeverksemda til havs er i Noreg om lag 60 prosent. Viss EU-direktivet skal gjelde i Noreg, er det venta at EU som utgangspunkt for forhandlingar vil krevje at fornybardelen skal auke til 74 prosent innan 2020. Kraftprodusentane presser sterkt på for at Noreg skal auke fornybardelen ved å auke kraftproduksjonen slik at den kan eksporterast. Det er bruken av fossil energi som er problemet for klimaet, og det problemet blir ikkje mindre om vi løyser EU sitt mål ved å auke annan energiproduksjon utan å redusere fossilbruken.

Noreg si løysing er å nyttiggjere seg spillvarme mykje betre enn no og nytte meir biobrensel direkte til oppvarming. Her er det framleis eit potensial som ikkje nødvendigvis trugar naturmangfaldet. Den miljømessige og mest kostnadseffektive måten å få auka fornybardel på er utvilsamt å bruke den energien vi har meir effektivt. Viss EU-direktivet kunne gi drahjelp her, ville det vere fint. Men då må energibransjen slutte å berre tenke på ny kraftproduksjon.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal