Problem for reinen

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet.

Det skal fastsetjast kvote for reinsjakta om ikkje så lenge. Det dreier seg om den reinen som er mest vill i Europa, i Sunndalsfjella og Dovrefjell. Kor mange dyr kan det jaktast på til hausten?

Dei siste åra har reinstammen auka på, og talet på vinterdyr har nådd grensa for kva som er forsvarleg når det gjeld beitegrunnlag. Samtidig som talet vinterdyr har auka, vil ein jo også ha ei auke i tal kalvingar. Klarer ein ikkje å jakte tilstrekkeleg mange dyr, vil dette bli eit problem. Overbeiting er svært så ugreitt på mange måtar. Rekrutteringa av reinsjegerar er for låg for tida til å ta unna, og fellingsprosenten har heller ikkje vore tilstrekkeleg. Garanti for ei jegermessig løysing på kort eller lengre sikt finst ikkje.

Det er mogleg at problema med aukinga i reinstammen vil auke på ytterlegare. Rovviltnemnda har lukkast usedvanleg godt med å redusere talet på jerv i eit stort område, og det drar i same retning.

Der det er ein kombinasjon av tamreindrift og jerv er dette eit problem fordi jerven tar mange reinkalvar og mange rein elles også. Det er ein kunnskap som må kunne brukast til noko positivt. Altså at ein passer på at jerven får gode kår i høgfjellsområda utan tamreindrift, der ein altså kan rekne jerven som nyttedyr, i samspel med ein sunn reinstamme.

Litt merksemd rundt den sørvestnorske jervestammen vil i så måte vere positivt. Det gjeld jerven som held seg frå Trollheimen og sørover, vest for E6. Stammen har vore oppe i nærare hundre jerv for nokre få år sidan, men er redusert til kring det halve. Det ville vere bra for denne jervestammen om han auka på igjen, og det vil vere bra for reinen kring Dovrefjell. Men då må altså rovviltnemnda sjå litt annaleis på det enn dei siste åra. Og rovviltnemndsleiaren må få på plass at det finst ein slik sørvestnorsk jervestamme som utviklar seg utypisk samanlikna med dei to andre norske jervestammane. Den negative utviklinga for jerven kring Dovrefjell kan elles bli ytterlegare forverra om forslaget om å ta ut Forollhogna som yngleområde for jerv blir gjennomført, slik det er forslag om ved rullering av forvaltningsplanen.

Naturvernforbundet ber difor om

– Den sørvestlege jervestammen skal forvaltast også ut frå høgfjellsøkosystema sine behov for store rovdyr.

 – Forollhogna skal framleis vere yngleområde for jerv

Øystein Folden og Erik Brenna

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag