Klimamål – eit papir?

Lesarinnlegg i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal har vedtatt ein klimaplan. Den har som mål å redusere utslepp av klimagassar. Ein av dei store bidragsytarane til utslepp av klimagassar er trafikk. Der er det fleire verkemiddel, som å auke kollektivtrafikken og få korte bilreiser over til sykkel. I tillegg er plassering av busetnad, arbeidsmarknad og handelsverksemd slikt som påverkar dette.

Måndag vedtok samferdselsutvalet at Nordøyvegen skal byggast. For å få økonomien til å gå i hop, så vedtok dei at endå fleire skal køyre bil for å få det til å vere økonomisk gjennomførbart. Det er vel slik fylkeskommunen har tenkt å nå klimamåla sine.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal