Kollektivtrafikken i Møre og Romsdal – Naturvernforbundet spør

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har engasjert seg mykje for å få på plass eit best mogleg rutetilbod for busspassasjerar i fylket. Vi får no fleire telefonar frå medlemmer som er uroa over utviklinga når det gjeld m.a. Timeekspressen. Difor har Naturvernforbundet sendt tre spørsmål til samferdselssjefen i fylket.

Grovt sett går uroa ut på dette:

1) Gjennomgåande billettering er fjerna
Det var eit viktig prinsipp ved innføringa av Timeekspressen at det skulle vere høve til å kjøpe billett på heile strekninga. No i haust har det ikkje vore mogleg å få kjøpt billett forbi Moa. Dette gir auka kostnader for dei reisande, dobbel tidsbruk for sjåførane og ei oppleving av eit dårlegare tilbod.

Når blir gjennomgåande billettering gjeninnført på Timeekspressen?

2) Manglande informasjon om nytt billettsystem
Sjåførane på Timeekspressen har på spørsmål opplyst at fylket held på å innføre eit nytt billettsystem i Møre og Romsdal. Dette har ført til at alle gamle storbrukarkort og verdikort har blitt ugyldige. Det har ikkje blitt opplyst om dette, verken i media eller ved oppslag på bussane. Sjåførane har vel heller ikkje vore, for å seie det mildt, ambassadørar for det nye billettsystemet. Det er også uklårt om det vil vere mogleg å bruke andre betalingsmiddel, som kort eller mobil på bussen.

Når får passasjerane betre informasjon om billettsystemet?

3) Manglande kapasitet til å utvikle rutetilbodet
Det har i haust vore fleire oppslag om vidareutvikling av busstilbodet i Ålesundregionen. Ut frå det som har kome fram, så skal Møre og Romsdal fylkeskommune overta mykje av det same planleggings- og informasjonsansvaret i Ålesundregionen som fylkeskommunen har hatt for Timeekspressen. Samstundes har ein representant for fylkeskommunen i intervju med Sunnmørsposten gitt uttrykk for at det verken finst kapasitet eller kompetanse til å gjere dette utviklings- og marknadsarbeidet. I andre fylke har fylkeskommunen fått på plass selskap, som Skyss og Ruter, for å handtere dette.

Når vil nødvendig kapasitet og kompetanse til å utvikle (og informere om) Timeekspressen og rutetilbodet i Ålesundregionen vere på plass i fylkeskommunen, og korleis vil dette bli organisert?