Ikkje greitt med straum

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er bra straumen som blir levert oss i kontakta er meir nøyaktig enn leiaren i Sunnmørsposten 1. mars. Elles var det vel meir enn prisen det ville kome klage på.

Det blir påstått at politikarane har sagt nei til utbygging av vasskraft. Det er relativt vanskeleg å finne prosjekt som politikarane har sagt nei til. NVE har sagt nei av og til, men seier ja til meir enn 9 av 10 søknader framleis. Utbygginga av småkraftverk har i vårt fylke vore betydeleg dei siste åra, men desse kraftverka gir ikkje veldig mykje kraft på denne tida av året.

Politikarane har også sagt ja til opptil fleire gasskraftverk. Det finst vel ein konsesjon i Skogn som ikkje blir nytta, og det er også gitt ein konsesjon på Tjeldbergodden. Den siste konsesjonen står ubruka i Elnesvågen. Viss det er eit poeng å bygge gasskraftverk, er det ikkje mangel på konsesjonar det står i.

Så var det kraftlina frå Sogn. Ein av årsakane til at denne lina tar tid er at styresmaktene vil trumfe igjennom denne lina som luftline. Folket har sagt frå fleire gonger at sjøkabelalternativ må bli utgreidde, men den politiske motvilja til slik utgreiing er stor. Viss ein vil gå baklengs inn i framtida er det kanskje ikkje rart at ting tar tid. Viss det hadde vore vilje til å utgreie sjøkabelalternativet frå begynnelsen av så kan det vel hende saka snart hadde vore løyst.

Noko av problemet skuldast sjølvsagt at Norsk Hydro fann det meir lønsamt å modernisere i Sunndal enn i Årdal. Dei rekna bedriftsøkonomisk på det. At ein då måtte flytte ein del av straumen frå Årdal til Sunndal var ikkje med i deira reknestykke. Dette har noko med samfunnsplanlegging å gjere, men det driv vi ikkje så mykje med her i landet.

Elles skal vi vere merksame på at om denne lina kjem i ein eller annan variant vil vi truleg ikkje få noko særleg rimelegare straum. Den straumen det er tilgang til vil berre bli jamnare fordelt. Men det kan sjølvsagt vere ei trøyst at dei sørafor kjem til å måtte betale like mykje for straumen som oss. Det er det sikkert best å teie om, elles melder det seg ein million eller to til sørpå i kampen mot luftlina.

Etter det ein har høyrt dei seinare åra om kraftkrisa går det overraskande godt for tida. Vi skal også vere merksame på at eit av dei store kraftverka i Rauma står denne vinteren som følgje av utbetringar.

Det kan virke som både politikarar og journalistar trur at det går an å produsere mykje ny kraft, og at krafta skal vere rimeleg. Så godt som all ny kraftproduksjon vil koste meir enn den krafta vi alt har. Ja takk – båe delar, er det nok berre Ole Brumm som kan seie.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal