Uheldig avgjerd om skadefelling av gaupe

Miljødirektoratet har avgjort ei klage på løyve til skadefelling. Naturvernforbundet er lite nøgd med avgjerda og meiner denne har uheldige sider.

Miljødirektoratet seier i si avgjerd at det ikkje har vore gaupeskader i Halsa tidlegare, så såleis er dei ikkje vande med å innrette seg etter at dei held til i yngleområdet og difor må dei få fellingsløyve.

Men det er første gang vi når ynglemålet i MR ved telling vinteren føreut for fellingsvedtaket. Viss ein deretter skal gjennom ei periode slik at bøndene kan innrette seg før det er greitt at alle dei to ynglande gaupene med familie kan få leve heile sesongen ut, så blir det ei lang reise.

Det er sanneleg bra at gauper på barmark oftast er vel så lure som jegerane.