Ureina grunn – kven sitt ansvar?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 17. desember 2009.

Naturvernforbundet har gledd seg over at det endeleg er rydda noko på areala som Miljøservice Eide AS har hatt hand om. Sirkustomta ser endeleg ut til å gå over til eit nytt og betre liv som vanleg industriareal. Rett nok har Naturvernforbundet lurt litt på korleis den avfallsmassa som var der er handsama etter bortkøyring, men det kan det vel hende blir klårlagt seinare.

Spørsmålet no er om Sirkustomta verkeleg er rein, eller om det finst meir der som skulle ha vore rydda. Eit slikt spørsmål bør det vere i ein kjøpar si interesse å få klarlagt. Gjeldande rett er at det er grunneigar som har ansvaret for ureininga som finst på eigedomen. Ein kjøpar vil såleis overta eventuelt ansvar for det som måtte vere igjen og som seinare må ryddast. Normalt bør det då også vere i seljar si interesse ved eit sal å vite om slikt, elles får ein berre masse tull med skjulte manglar o.l.

Forurensingsforskriften fekk nokre nye formuleringar i sommar, der det er pålegg om grunnundersøking før ein set i verk graving på tomteareal ein kan tru er ureina. Sirkustomta skulle vel lett oppfylle vilkåra om tru på at det kan vere noko ureining. Forskrifta er der for å dokumentere kva som finst av mellom anna tungmetall og nærare 60 andre stoff i grunnen før noko av massa blir flytta på og kan ureine andre areal som er reine. Forureina masse er dyr å få ordna opp i, så den er det grunn til å avgrense så mykje som mogleg. Det er elles mykje av grunnen til at avfallssortering skal skje på tett underlag. Det sikrar i stor grad at grunnen under ikkje blir ureina.

Sidan Eide kommune både er grunneigar og skal forvalte ein del av lovverket kring oppfølginga av potensielt ureina grunn er det like greitt at Naturvernforbundet følgjer litt med på kva som skjer. Det enklaste vil vere om Miljøservice Eide AS sørger for at eit uavhengig selskap sjekkar grunnen så ein får den dokumentasjonen og eventuelle oppryddinga som skal til.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal