Naturvernforbundet har fått medhald om gaupejakt – for fjerde året på rad

Pressemelding om avgjerd av gaupekvota for jakta 2015 frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag

Naturvernforbundet har for fjerde år på rad fått gjennomslag for si klage på gaupekvota i Midt-Noreg. Naturvernforbundet er glad for avgjerda. Gaupa er oppført på raudlista som sårbar og treng ei god forvalting.

Departementet slår fast at Romsdalshalvøya ikkje lenger skal vere i område for fri jakt, men må ha ei kvote om det skal vere jakt. I område med mål om yngling skal ein ikkje jakte i vinter, bortsett frå der det er viktige tamreininteresser. I Nord-Trøndelag blir jakta innretta slik at ein over tid bør få ynglingane i område med mål om yngling og ikkje utanfor. Departementet har dessutan bestemt at det skal vere hodyrkvote også i område utan mål om yngling.

Les heile pressemeldinga.

Kontaktpersonar på denne saka:

Øystein Folden, 91812542

Lars Haltbrekken, 91612191