Større bu- og arbeidsmarknader – kven betalar?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det har i haust vore møteverksemd kalla konseptvalutgreiing for ny stamveg gjennom fylket. Politikarane har møtt opp for å få fortgang i saka med ferjefri stamveg gjennom fylket. Naturvernforbundet har også fått invitasjon, og vi har gjort som best vi kan med å møte, sjølv om vi må ta oss fri frå jobb og er mellom dei få som ikkje har løn av noko slag når vi er med. Miljøet har ikkje så rare røysteretten når det er eit slikt grunnlag.

Den grunngjevinga Naturvernforbundet oftast høyrer i samband med store vegprosjekt er at det knyter bu- og arbeidsmarknader saman. Berre på den måten kan vi få tilflytting, for i dag må båe i ein familie ha jobb, og det får ein ikkje på ein liten plass. Dessutan vil ein ha fridom til å reise når ein vil, ferje er noko av det verste ein kan måtte vere avhengig av, høyrer vi. Når det er kriteria for eit fullverdig liv er det faktisk mange stader som bør fråflyttast straks, for dei vil aldri kunne bli slik, men det er kanskje ikkje sant?

I Møre og Romsdal har vi alt fleire slike prosjekt som er gjennomført. Kven har dette blitt betre for? Og kven betalar?

Eiksundsambandet er kan hende det som er enklast å ta tak i. Statistikken fortel at det er vel 3 millionar som har førarkort i Noreg. Eller sagt på ein annan måte er det nesten 2 millionar som ikkje har. Når ein veit at det er ein del som ikkje bruker førarkortet sitt eller ikkje har bil, kan ein rekne med at i alle fall halvparten er nøydde til å sitte på med nokon viss dei skal lenger enn dei kan gå eller sykle. Kva har dei for slags tilbod? Gjennom Eiksundtunnelen nordafrå går første bussen kl 07.12 frå Garneskrysset, siste bussen går kl. 20.12. På kvardagane går det 9 turar og ein skulebuss. Laurdag og søndag går det heile to avgangar kvar av dagane.

Etter at det nærast var generalstreik på Averøy når det gjeld kollektivtilbodet gjennom Atlanterhavstunnelen har dei heile 18 bussavgangar på kvardagar, første frå Averøy kl 5.20 og siste kl 21.50. I helga går det 7 avgangar laurdag og 6 om søndagen. Men morgonfuglane må nok svømme over fjorden om dei ikkje kan haike med nokon som køyrer eigen bil gjennom tunnelen. Tidlegare var det ein heil del som hadde eit tilbod ein større del av døgeret med ein sykkeltur på Averøysida.

Politikarane sin kamp har gitt resultat, heilt klart, men berre for halve befolkninga. Den andre halvparten fekk det i alle fall ikkje betre. Korleis kan noko slikt gå til? Truleg fordi den billause befolkninga består av barn og ungdom, gamle menneske, sjuke menneske og «tullingar» som aldri har skaffa seg førarkort eller bil. Slike menneske er lite verdt mot dei som køyrer bil når ein er politikar. Ei slik haldning frå politikarhald må minst vere i nærleiken av diskriminering.

Dei same politikarane har også vedtatt klimaplanar. Dei går ut på korleis vi skal redusere utsleppa av klimagassar slik at verda ikkje går av hengsla om nokre år. Trafikken står for kring ein fjerdepart av utsleppa. Når utsleppa våre må ned med 80% over nokre tiår, seier det seg sjølv at vi må gjere noko med trafikken. Kva skjer med trafikken når ferja kjem bort og tunnelen kjem i staden? I Atlanterhavstunnelen mellom Averøy og Kristiansund auka trafikken til over det doble. Det blir interessant å sjå kva lokalpolitikarane vil gjere med det når dei skal sjå meir på klimaplanane sine. Men først skal dei bygge vekk fleire ferjer. Det førakortlause folket, naturen og dei som kjem etter oss betalar. Vil vi at det skal vere slik?

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal