Fosseduren og elvelandskapet sine varige verdiar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Liafossen i Hoemselva ved Sakselia på Daugstad i Vestnes har no komme på høyringsrunde hjå vassdrags og energiderktoratet ( NVE). Høyringsfristen er sett til den 23.08 i år. Naturvernforbundet i Vestnes og Møre og Romsdal sitt fylkeslag av Naturvernforbundet arbeider for å ta vare på Liafossen. Når det gjeld vassdragsnatur av fleirfaldig verdi er Liafossen eller Sakselidfossen med sine 36 meters fall i eit fint naturområde det mest verdefulle av vassdraga i kommunen som ikkje har ei verneform.

Liafossen er ei anledning for lag, organisasjonar, turismebedrifter, og privatpersonar både på Daugstad og i kommunen generelt til å arbeide for å ta vare på noko som er unikt frå urtida. Fossen og landskapet kring han utgjer ein stor landskapsestetisk dimensjon. Området frå Sakselia og opp mot Hoemstinden via Hoemssætra eller innover mot Instebotnvatnet og Øspetinden er eit sjeldan heilheitlig utmarksområde i Vestnes. Graden av inngrep er låg.

Fine naturopplevingar ventar her den besøkande.

Skulle Liafossen bli regulert er det snakk om at 2/3- delar av vasstrengen kjem vekk. Sesskraft si naturfaglege utgreiing i samband med konsesjonssøknaden syner til att 70 % av vatnet i fossen kjem vekk om ein bygger småkraftverk i Hoemselva. I praksis fører ei slik regulering til att den einaste markante fossen i Vestnes kommune som i dag er godt synleg der han nærast heng utover landskapet mot skoglia og Tresfjorden, kjem vekk som tidlaust og opprinneleg naturelement.

Vestnes kommune har ikkje så mange naturattraksjonar av slik karakter. For friluftsfolk og reiselivsfolk burde det vere sjølvsagt å arbeide for å ta vare på Liafossen. Naturvernforbundet i Vestnes er klar over at slikt engasjement kostar noko. Det kan vere att ein nabo ikkje drikk kaffi med deg framover? Men er ikkje rekninga mykje høgare om bygda mistar fossen? Denne fossen er lett tilgjengeleg for både ung og gammal. Utover at me heile vegen skal tilegge den ein nytteverdi har den og ein stor eigenverdi som må takast med. Ta deg ein tur dit så framstår eigenverdien framfor deg som kvitskummande og buldrande og utemt.

Nærområdet er rikt på planteliv i form av eldre slåttemark som vert skjøtta på Sakselia.

I fossesprøytsona er det biologiske mangfaldet utgreidd som verdefullt av biologar. Naturvernforbundet i Vestnes ynskjer at alle som vil ta vare på Liafossen, og som har utfyllande opplysningar om dyreliv og kulturminne i området tek kontakt med oss. Nasjonalfuglen fossekall har me sett held til der. Fossekallen er ein levande miljøindikator på reint vatn og eksisterande botndyrfauna. Larver og insekt som kjem vekk med ei regulering sørgar i dag for att fossekallungane får mat frå elva sitt eige spiskammers. Ei regulering i eit vassdrag om den no er stor eller lita påverkar kraftig balansa i eit økosystem. Slik er det berre uansett kva slags retorikk ein puttar inn i utgreiingar og konsesjonssøknader.

Sjølv om det politiske språket er sminka og talar om grøne konsesjonar, fornybar energi og småkraftverk så er ikkje på nokon måte inngrepsfritt for dyreliv og landskap utover sjølve fossereguleringa. Mykje vert berørt i ein slik samnheng. Det er påfallande i kor stor grad motsatsen til naturbevaring på eit generelt nasjonalt nivå, brukar økologiske begrep for å selge inn sine naturinngrep i alle slags utgåver. Dette med politiske føringar og sminka terminologi har råka mykje sunn kritisk sans i landet siste tiåra.

La deg ikkje lure av denne språkføringa. Anleggsverksemda vert betydeleg forringande for eit sjeldant fint naturområde i tilegg til vekkreguleringa av fossen. Forsånareguleringa på Øvstedalen i Tresfjorden kan vere eit bevis på betydelege inngrep i eit tidlegare tilnærma urørt område med opplevingsverdi og naturkvalitetar som no er forringa. Me protesterte ikkje på utbygginga av småkraftverk i Misfjordelva. Men vassdrag som Forsåna og Liafossen har høgare referanseverdi. Eit ueigennyttig naturvern utan pragmatisk innfallsvinkel må nokre gonger vere malen å legge seg etter. Når det gjeld Liafossen legg me oss der.

Ein fjellbonde nært Hardangervidda skal ha sagt følgjande når ein fossespekulant ville kjøpe fallrettar: ” Han kan renne slik som han har runne”. Kraftpengar til grunneigar og kraftselskap og det ein ofte trur vert god bygdeutvikling er ei drivkraft bak slike tiltak. Men det eksisterar tidlause verdiar som ikkje kan settast inn i ein rein pengeøkonomisk samanheng. Det var det den siterte fjellbonden og andre grunneigarar og gardbrukarar brukte å tenke på for berre nokre få tiår sidan. Det var før alt det beståande vart endevendt på bygda. Utvikling treng vel ikkje vere ei avvikling av det opprinnelege til fordel for dei kortsiktige verdiane??

Naturvernforbundet i Vestnes

Bernt Gjelsten