Emballasje – brød

Epost til Coop 5. november 2009.

Eg sit her med ein brødpose på Speltbrød frå Gomanbakeriet. Brødet er spist og embalasjen skal på siste reis. Der har det skjedd noko den siste tida som er eit tilbakesteg. Tidlegare var embalasjen anten papir eller plast, og grei å resirkulere om han ikkje var grisa til. Men no sit eg her med eit blandingsprodukt. Å kaste denne i papiravfallet trur eg ikkje blir rett, og plastavfall blir heller ikkje rett. Kaste han i omnen går vel heller ikkje for å vere etter oppskrifta. Følgjeleg har dette blitt restavfall, for det er heller ikkje lett å rive av plastvinduet. Det blir ein idrett for dei få spesielt interesserte.

Eg går ut frå at meininga med vinduet er at kunden skal få sjå brødet. Vi slit såpass med avfall og utslepp her i verda at det å gjere seg lekker for kunden ved å endre embalasjen frå resirkulerbar til ikkje å vere det er ein stor tabbe. Eller når dette blir sett i større system eit brotsverk mot dei generasjonane som kjem etter oss og skal arve søppelhaugen.

Eg vil anten ha eit miljørekneskap som syner at dette er betre enn dei gamle løysingane, eller papirposen tilbake. I alle fall kan de få opplyse kor mange tonn papir og plast spesifisert som inngår i embalasjen på speltbrødet og andre brød med same embalasje i løpet av eit år. Det har de i samsvar med miljøinformasjonslova plikt til å fortelje meg.

Naturvernforbundet får kopi av dette. Dei har eit blad Natur & Miljø som samlar på mykje rart, mellom anna tussete embalasjeprosjekt. Der hender det at firma som har gjort endringar til det betre blir omtala ganske positivt. Og det hender at nokon får nokre kåringar det ikkje er å trakte etter å kome på toppen av.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll