Strategiplan på høyring
Epost til Nordmøre interkommunale renovasjonsselskap 12. november 2006.
I Aura Avis 28.10.06 ser eg at NIR har vedtatt ny strategiplan og sendt denne på høyring.
Når det er tale om kva visjon det skal vere for avfallsarbeidet på Nordmøre ser dette ut til å vere noko som gjeld fleire enn berre kommunane. Vi hadde gjerne sett at de tenkte den tanken sjølve også, men det er jo ein god ting at avisa har fått høyre om det og sette oss på sporet.
Naturvernforbundet har difor ønskje om å få høyringsdokumentet tilsendt, gjerne som fil, så vi slepp å lage meir avfall enn nødvendig. Bruk adressa nedanfor.
Med helsing
Øystein Folden
leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
6630 Tingvoll
tlf 918 12 542 / 71 53 33 31
epost: moreromsdal(a>)naturvern.no