Naturvernforbundet reagerer på hogst i nøkkelbiotop i Tingvoll

Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24. oktober 2008 blei gitt løyve til å bygge ein traktorveg inn i naturtypelokaliteten/nøkkelbiotopen i Kjøllia. Området er no hogd, og dette er svært uheldig.

Slik Naturvernforbundet ser denne saka kan vi oppsummere:

– Vurderingane knytt til traktorvegsøknaden er bygd på manglande kunnskap om naturverdiane i området.

– Hogst, også forsiktig hogst, vil øydelegge naturverdiane i naturtypelokaliteten/ nøkkelbiotopen.

– Behovet for traktorvegen var vel difor ikkje til stades, i alle fall ikkje for øvre delen.

– Ved anlegg av traktorvegen er det også felt furugadd som var utanom vegtraseen.

– Traktorvegen er lagt nokså hardhendt i terrenget, sjølv om framføringslina er grei nok.

– I samband med hogsten no har ein hogd skog som openbert har vore gamal, og i tillegg har det vore ein del av ein nøkkelbiotop.

Naturvernforbundet reknar med at skogbruksmynde

– Syter for at ”rådgjevinga” knytt til nøkkelbiotopen i samband med traktorvegvedtaket blir retta opp. Verdiane blir meir og mindre øydelagd om det blir hogd i denne lokaliteten, og det gjeld også plukkhogst i eit par generasjonar framover. Rådgjevinga frå skogbruksmynde må difor vere at det ikkje skal hoggast innafor lokaliteten, og gjerne at ein hogger forsiktig rett på utsida av lokaliteten.

– Kjem med en passande reaksjon som følgje av at det er hogd innafor grensene for nøkkelbiotopen.

– Går gjennom rutinane sine og grunneigar/skogeigarlag sine, slik at hogst som dette ikkje kan skje igjen.

Naturvernforbundet i Tingvoll ber om å bli halde orientert om saka si utvikling.