Surnadal kommune sine rutiner knytt til nydyrking i landbruket
Naturvernforbundet spør Surnadal kommune kva rutiner kommunen har for handsaming av saker om nydyrking. Bakgrunnen er uro for manglande vurdering av konsekvensar for naturmangfald.
![](https://naturvernforbundet.no/content/uploads/sites/14/2014/05/nydyrking20Surnadal.jpg2028articledisplay29.jpg)
Naturvernforbundet er kritiske til at Surnadal kommune ikkje stiller krav til konsekvensutgreiing når det i saksbehandlinga kjem fram at det samla området som skal dyrkast opp er langt større enn det ein enkeltsøknaden omfattar.
Naturvernforbundet meiner ei konsekvensutgreiing også er nødvendig for å få fram betre informasjon om naturmangfaldet i området.
Avslutningsvis stiller Naturvernforbundet spørsmål om den metoden som blir nytta er heldig med omsyn til avrenning, erosjon og klima.