Uvettig forvaltning av jervebestanden

Rovviltnemnda i region 6 har gjort vedtak om kvote for lisensfelling av jerv. Både samla kvote og ikkje minst forvaltninga av den sørvestnorske jervestammen er langt frå akseptabel, og Naturvernforbundet i Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal har sendt klage.

Ynglemålet for Møre og Romsdal på 3 er ikkje nådd, sjølv viss ein tar med ynglinga i Trollheimen som ligg utanfor yngleområdet. Ynglemålet for Sør-Trøndelag er berre nådd om ein reknar med ei yngling litt utanfor yngleområdet. Det står ikkje bra til med den sørvestlege jervestammen elles heller, og bestanden kan moglegvis vere nesten halvert på nokre få år.

Jerven høyrer naturleg til i økosystem knytt til fjellet, men vurderingar av kva som skjer med økosystem utan jerv er også denne gongen heilt fråverande i rovviltnemda si handsaming. 

Naturvernforbundet meiner at jakt på jerv, i den grad dette er nødvendig, må skje i Nord-Trøndelag der det er påvist ein del fleire ynglingar enn målet i forvaltningsplanen. Ei kvote totalt for heile regionen på 45, er alt for høgt, all den tid det utgjer halvparten av den totale bestanden. 

Forrige år låg Miljøverndepartementet si klageavgjerd føre i mars, etter at jervejakta vel var over. Naturvernforbundet har bedt om utsett iverksetting for ein del av vedtaket, og håper at klageavgjersla føreligg langt tidlegare denne gongen.