Havenergiseminar: Olje- og gassnæringa er ei solnedgangsnæring

– Midt-Noreg må satse på energisparing og på fornybar energiproduksjon. Å legge til rette for bruk av meir fossil energi no er ei feilinvestering vi og verda vil måtte slite med i lang tid framover, sa Øystein Solevåg i Naturvernforbundet på dagseminaret til Energiregion Møre i dag.

Energiregion Møre arrangerte seminaret ”Havenergi – framtidas energikjelde” i Kristiansund 1. november 2007. Her fekk Øystein Solevåg frå Naturvernforbundet orientere om den nye rapporten Naturvernforbundet har gitt ut om energisituasjonen i Midt-Noreg.

Naturvernforbundet har i rapporten laga eit samandrag av aktuelle sluttbrukartiltak for energieffektivisering og av tiltak for auka produksjon av fornybar energi i Midt-Noreg. Rapporten viser at potensialet er stort. Styresmaktene må leggje til rette for å få realisert potensialet ved å gjøre Midt-Noreg til eit satsingsområde for klimavenlege energiløysingar, meiner Naturvernforbundet.

Naturvernforbundets hovudbodskap i rapporten er:

  • Dei tre fylka i Midt-Noreg er ”i same båt” energimessig, Møre og Romsdal er ikkje isolert. Det tyder at ein kWh spart på Steinkjer også er nyttig for Møre og Romsdal.
  • Kraftsituasjonen i Midt-Norge er betre enn det tidligere har vore rapportert. Kraftlinja frå Fardal til Ørskog er ikkje nødvendig.
  • Olje- og energidepartementet må sikre at det blir laga ein heilskapleg plan for miljøvennleg handtering av energisituasjonen i Midt-Noreg. Dette må vere ein plan som i hovudsak ser på sluttbrukartiltak innan energieffektivisering.
  • Regulering av vannkraftmagasina må brukast for å unngå bruk av mobile gasskraftverk som reserveløysing i situasjonar med dårleg krafttilgang.
  • Tal for normalår, både på forbrukssida og på produksjonssida, må oppdaterast til å gi eit meir realistisk bilde av kraftsituasjonen i Noreg. Noreg har i gjennomsnitt vore ein krafteksportør dei siste 7 åra.

Solevåg streka i sitt innlegg sterkt under at dei investeringane som blir gjort i energisektoren i dag er investeringar vi må kunne forsvare i eit tjue- og trettiårsperspektiv. – Difor er olje- og gassnæringa ei solnedgangsnæring, sa Solevåg som avslutta med ein apell: – Steinalderen slutta ikkje av mangel på stein, men av di menneska utvikla nye og betre løysingar som gjorde at folk på jorda fekk det betre. Fossil energi-alderen sluttar ikkje på grunn av mangel på hydrokarbonar. Fossil energi-alderen sluttar av di menneska utviklar nye og betre løysingar som gjør at folk på jorda får det betre.

Øystein Solevåg i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 40 23 47 05. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Foredraget til Øystein Solevåg

Strategi for utvikling og forvaltning av energiressursene i M&R – prosjektforslag