Naturvernforbundet spør om tilrettelegging av gangsti på Meisingset

Eit oppslag i Tidens Krav har fått Naturvernforbundet i Tingvoll til å stille Tingvoll kommune nokre spørsmål.

Naturvernforbundet minner om at sjølv om ein gangsti langs Storelva kan vere positiv for folk, så er det i alle fall fire truga artar som også bør få eit ord med i laget. Dette gjeld elvemusling, fossekallen, laksanda og sangsvana.