Aasprongelva – minikraftverk

Epost til Tingvoll kommune 16. november 2006.

Eg har registrert på Tingvoll.net at det er kome melding til NVE om minikraftverkplanar i Aasprongelva.

Eg vil gjere merksam på rapporten Unike skoger utarbeidd av Naturvernforbundet. Det ligg lenke på denne på www.naturvern.no/moreromsdal.

Heile myrområdet og ein del av skogen i høgare strøk er med i ein av lokalitetane som er registrert å ha store verneverdiar. Inntaket ligg kanskje litt høgt til å unngå konflikt.

Naturvernforbundet har førebels ikkje noko vurdering av elva lenger ned, men både naturverdiar og friluftsverdiar i høgda over ca. 300 m reknar vi som store, sjølv om det kanskje er få som veit av det.

Vi tykkjer det vil vere feil om denne saka berre blir handsama som ei sak etter plan- og bygningslova.

Vi veit at Rauma kommune etter eit par uheldige saker gjorde det slik at søknader handsama etter pbl blei kunngjort på same måten som reguleringssaker.

Såleis var det råd for folk flest å seie frå om ting, sjølv om dei ikkje var naboar. Det er ei løysing som bør vere aktuell viss NVE kjem til at dette ikkje er konsesjonspliktig.

Vi kjem til å kontakte NVE sjølve om dette, men vil gjere kommunen merksame på det også.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll

6630 Tingvoll

tlf 918 12 542/71 53 33 31

epost: moreromsdal(a)naturvern.no

www.naturvern.no/tingvoll