Vermasaka – kva er eigentleg kjernen i denne?

I dette innlegget, som er ei orientering til deltakarane på ei synfaring i vassdraget 25. august 2010, gjør fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i korte trekk greie for kvifor Naturvernforbundet har engasjert seg i Rauma Energi sine planar om ei utbygging av Vermavassdraget.

Rauma Energi AS har søkt om å få ruste opp noverande inntaksdam ved å heve vasstanden inntil 7,5 m. Det skal gjerast ved å legge ein steinfyllingsdam utanpå noverande betongdam og legge nytt overlaup lenger mot Lesja. Komplikasjonen her er at Vermedalen naturreservat har grense i noverande strandline. DN er ikkje viljuge til å endre denne grensa. Overføringa av vatnet er tenkt gjennom sjakt/tunnel til ein ny kraftstasjon inne i fjellet og utløp ca. 300 m lenger ned i Rauma enn no. Slukeevna i det nye prosjektet er kring 3 x noverande. I flaumsituasjon vil meir av vatnet då bli kraft. Når det ikkje er overlaup vil auka slukeevne eventuelt berre kunne nyttast ved å tappe Vermevatnet hardare eller for å tappe ned inntaksdammen til tider på døgeret då straumen er dyrare. I så fall får ein ujamn vassføring på nedsida av kraftstasjonen tilsvarande. Rauma Energi AS har sagt at dette ikkje er intensjonen. Sidan dispensasjon i naturreservatet ikkje er på plass har Rauma Energi kasta seg over Storhaugenalternativet igjen. Dei meldte dette som alternativ ved fleire høve, men har fått saka i retur frå NVE fleire gonger fordi Rauma-Ulvåa er verna vassdrag og Storhaugenalternativet er så klart i strid med det at NVE ikkje treng gjere sakshandsaming for å returnere meldinga/stoppe søknaden. Så Rauma Energi har då funne ut at då får dei oppheve vernet av Rauma-Ulvåa så dei får lov.

Naturvernforbundet har i denne situasjonen foreslått eit eige alternativ som ikkje hever vasstanden, men som aukar volumet i inntaksdammen like mykje som Rauma Energi sitt eige forslag. Dette forslaget har Rauma Energi avvist som ikkje gjennomførbart og for dyrt og usikkert. For å vurdere kva dei bygger si eiga løysing på som ikkje er usikker osb. har Naturvernforbundet bedt om å få ein del bakgrunnsmateriale. Det har Rauma Energi nekta oss, og den saka ligg i klagenemnda for miljøinformasjonslova. Elveeigarar og Naturvernforbundet har med små atterhald sagt at flytting av kraftstasjon ca. 300 m nedover i vassdraget er akseptabelt. Det er stilt nokre spørsmål kring minstevassføringa som følgje av auka slukeevne. I vurderinga av Naturvernforbundet sitt alternativ er det formuleringar frå konsulenten som tyder på at dei vil utnytte auka slukeevne om vinteren. Det må bety at dei vil sleppe meir vatn frå Vermevatnet i periodar, og at det då blir meir ujamn vassføring i Rauma om vinteren. Det vil vel vere ugreitt for fisken, og det er ugreitt med omsyn til vernevedtaket som Stortinget har gjort (Verneplan IV)

Hovudtema ved synfaringa som blir gjennomført 25. august 2010 er difor følgjande:

– Plassering av ny kraftstasjon

— mindre vatn i Rauma mellom noverande og ny kraftstasjon

— verdifull naturtype ved det nye utlaupet

– Ny vassveg i sjakt/tunnel

— korleis auka slukeevne skal brukast

— minstevassføring

— plassering av tunnelstein

– Inntaksdammen

— dispensasjon i naturreservatet

— stad for uttak av stein til ny dam

— alternativ løysing for inntaksdam

– Utbetring av kraftliner i Romsdalen som følgje av ny produksjon

Storhaugenalternativet er ei ikkjesak, som like fullt finst bak ei skapdør og som blir henta fram når NVE ikkje er til stades. I tillegg til det prinsipielle knytt til vassdragsvernet har ein t.d. villreinomsyn i Vermedalen og alle dei vanlege friluftsomsyna knytt til landskapsvernområde.

Svært mange av dei aktuelle dokumenta ligg på www.naturvern.no/moreromsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.