Kvifor klappar ikkje Naturvernforbundet?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Direktør i Skogeierforbundet, Nils Bøhn, adm. dir. i Allskog, Ole Hartvig Bakke og nyleg avgåtte landbruksminister Lars Peder Brekk har i tur og orden fortalt i avisene om dei store klimafordelane det er med å plante meir granskog på Vestlandet. Ein skulle tru at ei samla miljørørsle no klappar for dei for endeleg å ha funne ei løysing på eit av dei største problema vi har. Men miljørørsla klappar slett ikkje. Kva kan det skuldast?

Då siste istida var over var det mest fjell, stein og grus i landet vårt. Etter den tid har det bygd seg opp jordsmonn. Brun og svart jord er mykje godt bunden CO2. Livet på jord fører til at det bygger seg opp langsiktige lagre nettopp av CO2.

I skog er det ein del CO2 som blir bunden i stokken, noko i rot og bar, og ikkje minst blir mykje bunden i alt det andre, som jordsmonn og myr. Det vil forundre oss om skogeigarane klarer å finne undersøkingar som fortel om CO2-binding i granstokk, rot og bar på noko særleg meir enn 10%. Jordsmonnet og særleg myr står for nesten heile jobben. Då er det ganske vesentleg å sjå på kva som skjer med jordsmonnet over litt lengre tid, stokken har faktisk veldig liten interesse i denne samanhengen.

Grana er slik at felta blir planta samtidig, og det er nærast uråd å gjere noko anna enn å hogge heile feltet på same tid, elles vil det som står igjen blåse ned. Desse flatehogstfelta ser ofte ganske oppkøyrt ut. Jord som er open for lys, ver og vind smuldrar bort, og slepp laus CO2 i høgt tempo. Det må med i rekneskapen. I ein granskog vil dessutan skogbotnen ofte få for lite lys slik at han døyr, eller i alle fall blir heller tynn i lyngen og dårleg til å binde CO2.

Dette må samanliknast med korleis ein kan stelle skogen vi har naturleg i området. Furu kan i større grad ha ulik alder, og mange stader vil det vere mogleg å hogge furua til litt ulik tid, slik at det ikkje blir store flater. Med innblanding med ein del lauvtre, vil ein få ei ytterlegare forbetring, skogsbotnen treng ikkje bli særleg øydelagd ved hogst, og han vil heile tida samle CO2.

Når granstokken har bunde CO2, kor lenge vil han vere bunden i stokken etter hogst? I gjennomsnitt går det kring 2,1 år, så er alt sleppt ut.

Oppfatninga til Naturvernforbundet er at mesteparten av CO2-bindinga skjer i skogbotnen og ikkje i stokken. Moderne granskogbruk fører til hogstmetodar som er særleg hardhendte mot skogbotnen og jordsmonnet, slik at mykje CO2 slepp ut ved hogst og dei første åra etterpå. Truleg vil det vere vesentleg større binding av CO2 i ein blandingskog der ein ikkje driv flatehogst. Det blir ikkje bunde så mykje i blandingskogstokken som i granskogstokken i rett alder, men det blir bunde så mykje meir i jordsmonnet, og langt meir varig.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal