Naturvernforbundet krev full gjennomgang av vilkåra til Mørevassdraget

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda har saman med Volda Jeger og Sportsfiskarlag fremja eit krav til Norges vassdrags- og energidirektorat om å revidere konsesjonsvilkåra til Mørevassdraget i Austefjorden.

Picasa

Mørevassdraget, også omtalt som Austefjorvassdraget, vart regulert så tideleg som i 1922. Då med Volda kommune som konsesjonær. Seinare er konsesjonen overtatt av Tussa Energi AS.

Konsesjonsvilkåra er ikkje i samsvar med dei som no vert sett for å ta omsyn til landskapsverdiar, friluftsliv og biologisk mangfald i regulerte vassdrag. Dette har vi tatt opp på i møter med Tussa, og på samlingar i regi av Søre Sunmøre vassområde. Vi er difor skuffa og forundra over at Mørevassdraget står med prioritering 2.1 i dokumentet «Vannkraftkonsesjoner som kan revideres innen 2022. Rapport 49- 2013». Men så tek vi formuleringa i rapporten sin undertittelen på alvor; «Nasjonal gjennomgang og forslag til prioritering».

Vi har forståing for at arbeidsgruppa frå NVE og Miljødirektoratet ikkje kunne gå djupt inn i alle tilhøve knytt til 430 vassdrag. Det går fram av fakta-arket ( s. 210 i nemnde dokument) at kartlegginga og vurderinga av Mørevassdraget bygger på «faglig skjønn» (1) og nasjonalt datasett (2), og ikkje på eigne kartleggingar på staden (3). Vi vil korrigere og fylle ut kunnskapsgrunnlaget for den endelege prioriteringa slik at «Samla vurdering av verdi og påverknad» for naturmangfald må rettast frå kat. L til kat. M eller S.

Vi oppmodar og Vassregion- forvaltninga å ta med innspela våre i deira tiltaksplaner.

Ål, padder, laks og aure
Faktaarket omtaler laksestammen og sjøauren i Austefjordelva. Vi trur det er ein samanheng mellom nedgangen i desse bestandane og reguleringsmønsteret i vassdraget. Fleire gonger har vi vore vitne til at strekningar av elva har vore heilt tørrlagde, med småfisk / yngel som kreperer på berga. Fleire gonger har det vore organiserte «redningsaksjonar» for å redde yngelen. Ein av desse aksjonane vart omtalt med bilete i Sunnmørsposten 09.08.2008.

I gytesesongen hender det at viktige gytegroper vert tørrlagde.

Manglande minstevassføring skaper størst problem nedstraums Kolfossen Kraftstasjon, men og mellom Osdalsvatnet og Kalvatn.

Det finst enno ein liten og sårbar bestand av ål i vassdraget. Den var mykje større før. Ålen er ein raudlista art som krev særskild merksemd og forvaltningsregime.

Paddebestanden i Lisjevatnet har fått stor merksemd siste åra. Den skal vere av dei største av sitt slag i Europa.

Det er viktig for paddene at vannstanden ikkje endrar seg for brått i klekketida, og at ikkje vatnet vert for mykje nedtappa. Fleire gonger har dette vore kritisk. Dei 20 000 paddene som klekker i Lisjevatnet vil tene på ei meir stabil vassføring.

Ved omlegging av E39 i samband med den nye Kvivsvegen fekk den unike paddebestanden påkosta ledevegar og undergangar mellom skogen og vatnet til ein kostnad av om lag 2 mill. kr. – Eit resultat av eit godt samarbeid mellom Statens Vegvesen, lokale entusiastar og Naturvernforbundet. Det undrar oss at ikkje NVE ser at reguleringsregimet i Mørevassdraget også er ein viktig føresetnad for ei økosystembasert forvaltning av vassdraget.

Landskapsbilete, friluftsliv og opplevingskvalitetar
Langsmed vassdraget er det og et rikt fugleliv, oter, røye og bekkaure. Dei nye vegane langs vassdraget har gjort området lett tilgjengeleg, meir eksponert og attraktivt for friluftsliv. Her vert det fiska, padla og bada.

Etter vårt syn fører nedtappinga av Grønndalsvatnet (12 meter) og Osdalsvatnet til alt for store sår i landskapet. I konsesjonssøknaden frå 1922 heter det at «Det samlede areal som vil bli neddemmet ved reguleringen, utgjør 206 mål. Det består vesentlig av fjellmark, kun tjenelig til beite; dyrket mark berøres overhodet ikke ved oppdemningen.» I dag bør vi verdsette fjellandskapet i Grønndalen og Osdalen på ein annan måte. Det før omtalte faktaarket nemner og den negative effekten nedtappinga av Grønndalsvatnet har i eit attraktivt
hytte- og friluftsområde.

Gjeldande konsesjon har ingen krav til minstevassføring, men det er interessant å lese frå konsesjonsvilkåra frå 1922; «Det skal ved manøvreringen has for øye at vassdragets naturlige flomvannføring såvidt mulig ikke forøkes. Heller ikke må dets naturlige lavvannføring forminskes til skade for andres rettigheter.»

Siste åra har mange småkraftverk fått konsesjon i Volda. Fleire som drenerer til indre Austefjorden og to i Mørevassdraget (Kviven Kraftverk og omsøkte Osdalen kraftverk). Det har ført til store tap av vassdragsnatur og har auka presset på sårbare artar. Sett i samanheng med dette vert Tussa sitt produksjonstap ved ein konsesjonsrevisjon lite vegd opp mot miljøgevinsten vi kan få gjennom ein konssjonsrevisjon.

Kort oppsummert:
· Vi krev at Mørevassdraget vert prioritert (kategori 1.1) for revisjon av vassdragskonsesjon innan 2022.
· Den reviderte konsesjonen må sikre ei minstevassføring som kan kontrollerast, ei mindre nedtapping av bassenga i Grøndalen og Osdalen og hindre brå svingingar i vassføringa.
· Vi vil gjerne bidra i prosessen framover!