Vinnutrappa – bruk av naturmangfoldlova
Naturvernforbundet har innspel til planlegging av Vinnutrappa i Sunndal.
Naturvernforbundet er samd i at naturen i området er spektakulær. Det er difor lett å forstå kvifor det blir arbeidd med å gjere området tilgjengeleg for fleire gjennom prosjektet «Vinnutrappa».
Samstundes kan det å opne eit område for meir ferdsel ha negative konsekvensar på naturmangfoldet.
I si fråsegn til Sunndal kommune strekar Naturvernforbundet difor under at det er viktig at det blir gjennomført gode kartleggingar av naturverdiar i forkant av planlegginga av Vinnutrappa. Naturvernforbundet viser til at dette er eit krav i lovverket.