Aasen har misforstått

I ein kronikk i fleire aviser i fylket skriv fylkesordførar Jon Aasen om klima og energi i Møre og Romsdal og på sokkelen.

Naturvernforbundet meiner mykje om dei mange energiske utspela til fylkesordføraren, men det er særleg eit poeng Aasen prøver å få fram i kronikken sin som blir heilt feil. Han skriv nemleg at dei fire mest kraftkrevjande industrianlegga i fylket, Tjeldbergodden, Hustadmarmor, Ormen Lange og Hydro Sunndal ikkje kan gå på varmt vatn eller vere avhengige av at det blæs.

Når Aasen formulerer seg på denne måten er det sjølvsagt fordi han ønskjer å latterleggjere dei forslaga som mellom andre Naturvernforbundet har fremja om energisparing, varme og fossilfri energi.

Problemet til Jon Aasen er likevel at Naturvernforbundet har rett. Gjennom å satse på energisparing, utbygging av infrastruktur for varmt vatn og nye fornybare energikjelder vil vi frigjere mykje elektrisk energi i Møre og Romsdal. Denne elektrisiteten kan vi nytte til industriutvikling om vi ønskjer det.

Faktisk er det slik at ei satsing på energisparing i hushaldningar og næring er det mest effektive tiltaket vi kan gjere for å skaffe elektrisitet til industrien i Møre og Romsdal. Gasskraft med CO2-handtering kjem lenger ned på lista. Gasskraft utan CO2-handtering har ikkje noko på listene å gjere.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar