Alger – den nye næringa?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Dei første taua med algebarn er sett i sjøen. Om ei tid blir dei trekt opp igjen, som starten på ei stor næring. 50 milliardar i årleg omsetnad blir det tala om.

Det er nokre få tiår sidan vi var omtrent i same løypa med lakseoppdrett. Den næringa veit vi mykje meir om no enn den gongen, ei næring med mange problem. I alle år har det vore forska på tamlaks. Mesteparten av forskinga går ut på å få tamlaksen til å vekse fort, ete lite, smake som forbrukarane helst vil, og alt i alt best mogleg fylle lommeboka til oppdrettarane. Det har vore forska på miljøverknader og slike ting også, men alltid på etterskot og i langt mindre skala.

Tamlaksen har ført til problem knytt til innblanding med laksen i elvane, lakselus, medisinbruk og ureina havbotn. Driten frå tamlaksen utgjer ei større kjelde til overgjødsling av sjøen enn det som går i kloakken frå oss menneske.

Så står vi altså på terskelen av ei ny næring med ein liknande storleik. Naturvernforbundet leverte ein del synspunkt til søknaden i Kristiansund. Mellom anna for å få til betre forsking frå første stund, slik at ein ikkje lagar til dei same problema i tarenæringa som i tamlaksnæringa. Kva gjorde så dei som gav konsesjon?

Søknadsskjemaet som blir bruka i desse sakene er så gamalt at det framleis viser til naturvernloven som blei avløyst av naturmangfaldloven i 2009. Fylkeskommunen følgjer opp i sitt løyve med å kalle naturmangfaldloven for vedtekt. Klarlegginga av naturkvalitetar som blir berørt utgjer ikkje mange linene. Fiskeridirektoratet uttala til søknaden: «Det er ikke registrert andre former for tradisjonelle fiskeriinteresser eller marint biologisk mangfold i området hvor lokaliteten er omsøkt.» Utsegna er uklar. Ein av dei stadene det ikkje blir registrert biologisk mangfald er der det ikkje finst levande liv som følgje av giftutslepp, kan det vere det som blir meint? Det kan også bety at ein ikkje har funne noko anna enn det som er vanleg på slike stader. Eller det kan bety at ein ikkje veit noko som helst fordi ein ikkje har vore på plassen og registrert. Fiskeri- og kystdepartementet gav sitt løyve utan å oppklare det nærare.

Naturvernforbundet bad om at det skulle setjast vilkår om forsking også på slike faktorar som næringa sjølv ikkje har spesiell interesse av, slik at ein kunne få slik forsking frå første stund. Det er eit grunnleggande prinsipp at dei som vil utnytte naturressursar må syte for at det blir dokumentert at verksemda ikkje har skadelege verknader. Naturmangfaldlova giv heimel til slike krav, men heimelen blei ikkje nytta. Det ser ut til at departementet anten ikkje ville at det skal forskast før kommersialiseringa er eit faktum, eller i beste fall gløymde det. Det kom fram at forskingsmiljøa på oppdrag frå algenæringa hadde laga til småalgar som snart måtte i sjøen, og dermed blei løyvet til slutt gitt i full fart, kan det sjå ut som.

Ein del erfaringar frå fiskeoppdrettsnæringa er dyrekjøpte. Når vi har sjansen til å kome meir på forskot denne gongen med tarenæringa, så ser det ikkje ut til at vi har lært noko som helst av det. Som kjent er det menneskeleg å feile, men å gjere same dumskapen to gongar, kva skal ein kalle slikt?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal