Alida i Volda har nok tamtorsk frå før

Naturvernforbundet ser ingen gode grunnar for at anlegget skal få utvide.

Oppdrettsanlegg

Hausten for over 2 år sidan blei det gjeve ein konsesjon for torskeoppdrett ved Alida i Volda. Naturvernforbundet klaga på konsesjonen. Etter over 2 år er klaga framleis ikkje handsama.

I mellomtida har oppdrettselskapet hatt tamtorsk i merdene. Dei første blir vel no tatt opp til slakt. Mange titusen fisk rømte dessutan, sjølv om Naturvernforbundet var lova at klaga skulle handsamast før det skjedde nokon skade, og i alle fall før det var gått to år.

No har oppdrettselskapet sagt frå om at dei fortener å få utvide lokaliteten. Naturvernforbundet er slett ikkje samde i dette. Det er alt sett meir tamtorsk i sjøen enn det fjorden og villtorsken har godt av. Dessutan er det god skikk og bruk å få avgjort klager før ein held fram med meir av same sorten. Mellom anna fordi det finst 4 klagar til frå Naturvernforbundet på liknande saker elles i fylket. Andre har også klaga.