Alle gode ting er tre?

Debatten med Tingvoll skogeigarlag held fram.

Tingvoll Skogeierlag stilte nokre spørsmål til Naturvernforbundet. Dei har vi svara på. Men vi kan tenkje oss å stille nokre spørsmål vi også. Men først eit anna tema som dei tok opp.

Gamalskog i Tingvoll.

Gamalskog i Tingvoll finst, og Naturvernforbundet er glade for at ein del av denne blei verna nyleg. Det er gjerne ikkje så mange i Tingvoll som har gått i skogen i skrentane mellom Rottås og Gjørsvika, men verdifull er denne furuskogen sjølv om han kanskje ikkje akkurat er rekna for å vere økonomisk produktiv. Men gamalskog på litt betre bonitetar er det verna lite av, langt mindre enn det skogforskarane er komne til er nødvendig for å ta vare på det biologiske mangfaldet. For mindre enn eit år sidan fanst det eit interessant gamalskogsareal, avmerka på kart som naturtype og nøkkelbiotop. Arealet med gamalskog var dessutan ein del større enn det som var avmerka. Mykje blei hogd, også ein del av det som var avmerka som skog med spesielle verdiar. Naturvernforbundet har spurd kommunen som kontrollmynde om det vi meiner er brot på skogbruket sine sertifiseringsreglar og miljøforskrifta til skoglova. Etter vel 3 månader ser det visst ikkje ut til at kommunen vil bry seg med å svare.

Då kan det jo vere tid for Naturvernforbundet sine spørsmål til skogeigarane:

– Samlar skogsbotn CO2, eller er det berre tømmerstokken som gjer det?

– Kva er best: å samle opp ein del CO2 og halde på han i hundreårsvis, eller samle opp litt meir og så sleppe han ut igjen fort?

– Når ein hogger gamal skog og så planter, kor lang tid går det før ein får ei oppsamling av CO2 som er større enn viss gamalskogen sto framleis?

– Når er det mest nødvendig å binde CO2, no eller om 40 år?

– Sjølv om ein driv noko skog som plantasjeskog, treng ein drive absolutt alt som plantasjeskog for at det skal vere eit tidsriktig skogbruk?

– Er det greitt at nokre utanom skogeigarmiljøet stiller spørsmål om skogsdrifter ligg innafor skogbruket sine sertifiseringsreglar og miljøforskrifta til skoglova?

– Vil skogeigarane i Tingvoll bidra til at ein innan 2020 har verna ca. 10 % av den biologisk mest verdifulle produktive skogen, slik ein nasjonalt fann nødvendig for meir enn 10 år sidan?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal