Allemannsretten

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Politikarane i Averøy har truleg ikkje skjøna konsekvensane av å seie ja til byggverket på fiskeplassen på Sjåberget vest av Råneset. Korleis skal friluftsfolket tyde signala som blir gitt? Byggverket privatiserer ikkje området – det er berre for kven som helst å bruke det som før.

Når nestemann og nestemann deretter får same vilkår skal altså vi andre labbe rundt mellom verandabord og badestampar og ta oss til rette som om dei ikkje fanst. Og innretningane som ligg nokre få meter lenger frå skal vi ikkje ta oss til rette på, for dei skal vere private. Korleis skal ein kunne sortere dette?

Dei frekkaste grunneigarane bygger og håper ingen vil erte seg innpå dei. Dei frekkaste friluftslivsfolka bryr seg ikkje om frekke grunneigarar og latar som dei ikkje finst og dei mindre frekke held seg motviljug unna. Slik har altså politikarane tenkt at attraktivt friluftsliv i strandsona skal praktiserast i framtida. Her legg politikarane opp til eit svært utriveleg konfliktnivå som alle vil tape på. Det er på tide å ta til vettet. Averøy kommune har ved si handling bedt om ei klage frå Naturvernforbundet.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen