Alt for dårleg kunnskapsinnhenting også i Rauma

Romsdal torsk AS i Gadus group AS vil gjerne ha løyve til oppdrett også i Langfjorden i Rauma. Det bør dei ikkje få. Med meir enn 10 søknader om torskeoppdrett i Møre og Romsdal i løpet av kort tid, bør alle og ein kvar forstå at ein må ha skikkelege konsekvensutgreiingar. Det har ikkje Romsdal torsk forstått.

fiskoppdrettsanlegg

Naturvernforbundet har levert fråsegn til søknaden om konsesjon til torskeoppdrett i Slemmen i Rauma. Det skal ikkje gå an å snu opp ned på norske fjordar utan ei grundig konsekvensutgreiing. Gadus group argumenterer likevel for at det ikkje er nødvendig med konsekvensutgreiing. Då har dei ikkje ei klar forståing av kva skadeverknad torskeoppdrettsprosjektet deira kan få. Difor er det nødvendig at fylkeskommunen no set heilt andre krav til dette prosjektet. Denne søknaden kan ikkje ende opp med konsesjon.

Sidan Naturvernforbundet er kjent med eit lokalt engasjement som kan få fram opplysningar om fiske i fjorden osb., så har ikkje Naturvernfobundet bruka tid på dette. Det finst fleire slike saker som må få merksemd.

Naturvernforbundet har elles registrert at ein talsperson for Gadus group seier til Åndalsnes Avis at dei har fått grønt lys for oppdrett i Vestnes. Naturvernforbundet har kjennskap til at det har vore ei avgrensa høyring i Vestnes, der dei to eller tre som har fått saka på høyring ikkje hadde innvendingar, og at kommunen ikkje har innvendingar ut frå dette. Dette er ikkje det same som at fylkeskommunen har gjeve dispensasjon, og Statsforvaltaren har heller ikkje gjeve noko utsleppsløyve. Viss det er dette Gadus group meiner er grønt lys, bør dei straks få ei klår oppleving av kva raudt lys er for noko.