Arealsak på Hamnneset i Fræna kommune

Naturvernforbundet spør Fræna kommune om planlagd krabbemottak.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har fått eit tips om at det er ei byggesak (krabbemottak) truleg på gnr 11 bnr 1 ved Hamnnes.   Vi vil gjerne orientere oss om kva slags sak dette er og kor langt saka er kome.     Vi har vore inne på kommunen si kartløysing der det ser ut til at området ligg i LNF-sone. Viss dette ikkje stemmer, ber vi om å få korrekte opplysingar om dette.   Viss dokumenta finst digitalt, ver god å sende det til moreromsdal@naturvern.no   Viss dokumenta berre finst i papir, ver god å sende dette til   Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden 6630 TINGVOLL