Årsmøte for Ørsta og Volda lokallag (fysisk) i Aasentunet

Møtet var lyst ut som nettmøte 10. februar, men er no utsett til vi kan ha eit fysisk møte og skipe dette til saman med at vi tek opp att føredraga i Grønt forum-serien. med «Livet i fjorden» – føredragshaldar Nils-Roar Hareide frå Runde miljøsenter Dette faglege møtet vert ope for alle, men berre medlemar av Naturvernforbundet har møte- og røysterett på årsmøtet. (ikkje-medlemar får dette på sparket ved å fylle ut ein innmeldingsblankett).

INNKALLING TIL ÅRSMØTE 2022

NATURVERNFORBUNDET I ØRSTA OG VOLDA 

Tid: onsdag 2022-03-01  etter kl 20.30 – Stad: Aasentunet  i Hovdebygda


Møtet vart lyst ut 2022-02-10 som nettmøte, men er gjort om til fysisk møte med faglig temamøte i «Grønt forum» -rekka : Livet i fjorden med føredragshaldar Nils -Roar Hareide frå Runde miljøsenter

Sak 1 Val av møteleiar, referent og to protokollvitne 

[til seinare hjelp for referenten ligg den sentrale protokollmalen

til  nedlasting her, men oppsettet av møteinnkallinga er og tenleg]

 

Sak 2 Godkjenning av innkalling, dagsorden og saker til eventuelt/høvesvis (7)

Naturvernforbundets vedtekter § 9-7.1: ”Årsmøtet er lokallagets høyeste myndighet. Det avholdes hvert år innen utløpet av mars måned og alltid slik at fristene for innsending av saker til fylkeslagenes årsmøte kan overholdes.” Og § 9-7.2. ”Innkalling må være medlemmene i hende senest to uker før årsmøtet.”

 

Sak 3 Årsmelding

Årsmelding 2021

Framlegg til vedtak: årsmeldinga vert vedteken   

(eller vedteken med endringar) 

                                                                          

Sak 4 Framlegg til aktivitetsplan

Framlegg til aktivitets-/virkeplan vert sett opp av årsmøtet.

(sjå hovudpostane frå 2021 i årsmeldinga.)

Tilskipingar vert avgrensa av smittevernet !

[om det skulle vere ynskjeleg, har vi som grunnlag for ordskiftet:

Aktivitetsplanmalen med kommentarar]

                                                                  

Sak 5 Rekneskap og budsjett

Årsekneskap 2021   –  (innscanning etter ferdig revisjon i tillegg?)

Rekneskapsoversyn 2021 og budsjett 2922 (framlegg under arbeid)

Vedteken aktivitetsplan og budsjett heng saman,

 

 Sak 6 Val

Vi har ikkje lenger valnemnd, og i tida fram til møtet ynskjer vi 

framlegg til alle typer verv.  Alle verv er i prinsippet på val. 

For noverande verv, sjå årsmeldinga 2020:

leiar, kasserar,  styremedlem/(ar) (helst to el fleire) varamedlem/(ar?)                                     

kan vi ikkje peike ut einskilde verv, får då styret fullmakt til å organisere seg sjølv?)                                                                                                     

Lokallag  av NU har rett på styremedlem og deltaking i styret etter eige ynske. 

Studentlag ved HVO finst ikkje.                                        

Ny valnemnd :  (vel vi leiar, eller kan ho sjølv få organisere seg? – om vi kan få sett ei saman)   

Val av revisor (vi har ikkje hatt vald revisor ei stund, men kasserar har frå år til år fått 

løyve til å spørje  Anders Albertson Steinnes om å revidere.    

Representasjon og deltaking i forbundet elles, kva kan og vil årsmøtet seie om dette?:  

Fylkesårsmøtet (to utsendingar har røysterett på årsmøtet?)  [13. mars? – innkalling kjem]

Fylkesstyret (vi har rett på ein plass i samansettinga av fylkesstyret)

{vi har tradisjon for at lokallagsleiaren møter her,  set  vi opp varafolk?

ofte likevel den i styret som har høve, som møter som vara om naudsynt.

Landsmøterepresentant frå lokallaget. (har vi framlegg i tillegg om vi vert spurde om å stille her for fylket?) 

Fylkesleiinga oppmoder oss om å velje rikeleg med varafolk til  landsmøtet. (og andre møte?)

{landsmøtet vert planlagt som fysisk møte op Lillehamar  (nen kan verte gjort om til nettmøte?   22-24 april

 

Sak 7 Eventuelt / høvesvis:

Hwr bør ein melde til styret om ein har saker som krev avgjerd / avrøysting.

Medlemar frå kommunar utan lokallag kan og møte her for å fremje saker dei vilm ha teke opp på fylkesårsmøtet

(formelt ein dag seinare enn fristen, men dette er avtalt med fylkeslagleiinga)

Det er og høve til å lufte si meining om landsmøtesaker  for dei som vert balde til utsendingar / delegattekter gjeld for oss. 

I fjor stadfesta  t.d. vi at dei sentrale mønstervedteketene i forbundet gjeld for oss

Det kom då og framlegg gjennom styret: Vi stør Nei til vindkraftverk på Haramsøya og

spleiselaget for hovudrettsaka mot Staten, med 1000 NOK


 helsing noverande lokallagstyre: 

 Knut, Geir Helge, Trude, Ingvild og Helge