Årsmøte i Møre og Romsdal 2022

Stad: Molde sentrum, Sanitetshuset, Bjørnstjerne Bjørnsons veg 12 (Rett opp for fylkeshuset)

Tid: laurdag 12.3.2022, kl. 12.30-14.00

(Enkel lunsj frå kl. 12.00)

OBS! Påmelding til moreogromsdal@naturvernforbundet.no innan 10.3.2022.

Det er planlagt eit aktuelt tema frå kl. 14-16. Innleiinga blir ved Thor W. Bjørlo, sekretær i Lyntogforum Møre og Romsdal og kommunikasjonssjef i Norsk Bane. Tema blir «Mer klimavennlig transport må på banen». Etter innleiinga går vi laus på ulike sider som er aktuelle knytt til jarnbane og samferdsel. 

Saksliste
– Val av ordstyrar
– Styret si årsmelding.
– Revidert rekneskap.
– Saker frå styret.
– Saker som er framlagt av medlemmene innan 3.3.
– Budsjett og arbeidsprogram.
– Val av leiar og styremedlemmer.
– Val av delegatar til landsmøtet
– Nominering av kandidatar til landsstyret
– Val av valkomité og revisor.

Sakspapir blir lagt ut her så snart dei er klare.