Årsmøte i Naturvernforbundet i Vestnes 3. mars 2010

Møtet vart halde i Kommunestyresalen.

Bernt Gjelsten blei attvald som leiar av lokallaget. Med seg i styret har han

Etter årsmøtet stilte fagsjefen i oppdrettsselskapet Villa Organic opp for å orientere om satsinga på å fremje økologisk oppdrett.

Det vart ein del spørsmål om økologisk drifting og om næringa sin ståstad og miljøutfordringar generelt.

Konsekvensane for dyreliv, friluftsliv turisme og marint næringsliv vart debattert angåande planane om Furnes masseuttak. Saka ligg no til utvida KU.

Det er ei auking i ulovleg motorferdsel i utmark i Vestnes kommune. Lovverk og varslingsmoglegheiter når ein ser slikt vart omtala.

Kommunal saksgong og manglande vilje til naturfagleg utgreiing angåande eit vassuttak i Skorgeelva vart gjennomgått. Her vann vi fram med at Ørskogfjell skisenter som tiltakshavar, vart pålagt konsesjonskarv frå NVE på to søknadar om å tappe elvevatn på låg vasstand.

Fylkeslaget si vassdragskompetanse var ein viktig støttespelar i denne saka. Fylkesmannen si miljøavdeling påpeika at eit slikt tiltak ville skade gyteplassar for laks og sjøaure i elva.

Lokallaget framheva utover friluftsliv og elvefiskinga artsinventar knytta til fauna og flora langs vassdraget.

Naturvernforbundet i Vestnes er sterkt misnøgde med kommunen si manglande vilje til å følgje lovpålagte oppgåver. Vi er og lite nøgde med at vi som lag vert konstant motarbeidde av politikarar og i ei viss grad embetsverket i administrasjonen. Naturvernforbundet i Vestnes ser det politiske fleirtalet og delar av administrasjonen som den verkelege bremseklossen for ei positiv utvikling for naturmangfald og framtidige generasjonar sine friluftsrettar og behov.

Bernt Gjelsten er leiar i Naturvernforbundet i Vestnes, han har telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Referat frå årsmøtet i Naturvernforbundet i Vestnes 3. mars 2010

Årsmelding 2009 for Naturvernforbundet i Vestnes

Årsregnskap 2009 for Naturvernforbundet i Vestnes

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes