Åtvarar mot veg gjennom Tafjordfjella

– Norddal kommune sine planar om veg frå Tafjord til Skjåk skapar uro kring det nye verdsarvområdet, meiner Naturvernforbundet, som ber ordførar Arne Sandnes om å legge vekk planane om veg gjennom Tafjordfjella.

Det var i eit intervju med Sunnmørsposten tidlegare i sommar ordførar i Norddal, Arne Sandnes, tok til orde for å byggje ein veg tvers gjennom dei områda som no skal vernast som ein del av Reinheimen nasjonalpark-planane.

Naturvernforbundet gratulerer Norddal kommune med verdsarvstatusen, men åtvarar samstundes om at vegbygging i Tafjordfjella ikkje vil vere bra for miljøet, og at slike planar vil føre til ei splitting mellom støttespelarane i arbeidet med å ta vare på kulturlandskap og biologisk mangfald.

Øystein Folden kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Les brevet frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Norddal kommune