Auka kraftforbruk – kva er alternativa?

Kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen i Statnett kan fortelje at kraftforbruket i Noreg dei siste 10 åra har auka med 10 TWh. Ei auke tilsvarande 3 Kårstøgasskraftverk eller 2200 vindmøller. Kva gjer vi med det? Politikarane i Møre og Romsdal har i lang tid svara: Bygg gasskraftverk. Finst det andre svar? Naturvernforbundet vil gjerne peike på nokre alternativ.

Auka i forbruk skuldast ca. 6 TWh i kraftintensiv industri, ein god slump av dette er knytt til Norsk Hydro på Sunndalsøra. Vil den kraftintensive industrien halde fram med å auke forbruket? Norsk Hydro sjølve seier at industrien blir bygd ned viss det ikkje er råd å få tak i rimeleg straum. Det er eit svar som kan lesast slik: Det blir ikkje bygd meir kraftintensiv industri i Noreg, og den vi har vil etter kvart bli redusert. På Hydro si heimeside kan vi sjå at verksemda i Høyanger og Årdal blir lagd ned eller redusert innan 2007.

Den private auka dreier seg om 3 TWh. Vil det private forbruket auke? Det er mykje opp til deg og meg det. Viss vi ønskjer å skru på fleire lys og varmekablar, så får vi fleire vindmøller, gasskraftverk og kraftleidningar. Viss vi let det vere, så treng vi ikkje bygge slike kraftverk.

Det kan diskuterast om vi har kraftunderskot i Noreg. Viss vi ønskjer å auke kraftforbruket vårt, har vi fleire alternativ, og dei har ulike biverknader:

1. Vasskraft: Energien er fornybar, men det er forbruk av natur til anlegga. Bygger vi meir vasskraft, er det mindre levande vatn i naturen til oss sjølve og turistane. Vi har vel bygd ut omtrent nok.

2. Vindkraft: Energien er fornybar, men det er ikkje så mange som vil ha vindmøller til nabo, så noko er det med dei.

3. Gasskraftverk: Gassen varer mykje av dette århunderet, men så er det stopp. Sjølv reinsa kraftverk slepp ut 10-20% med CO2, så det er ikkje noka miljøløysing dette heller.

4. Kullkraft: Kull er ikkje fornybart. Var det ikkje noko med forureining også? Kan gasskraft reinsast, så kan kull det også, men ikkje fullt ut.

5. Oljebasert varmekraft: Olje blir det knapt om før halve århunderet har gått. Dessutan var det noko med forureining. Kan gasskraft reinsast, så kan oljefyrt også, men ikkje fullt ut.

6. Atomkraft. Nei takk var vi vel stort sett samde om.

Desse alternativa har det til felles at det er betydelege miljøverknader knytt til dei. Dei neste alternativa kan vere betre:

7. Soloppvarming: Dei fleste kjenner til at det blir varmt på stova når det er sol i februar. Direkte oppvarming frå sola kan utnyttast betre. Her finst det marknad for Petter Smart sine venner.

8. Varmepumpe: Ein del har luft til luft-pumper gåande. Nokre har og varmepumpe basert på sjøvatn eller jordvarme. For kvar kilowattime straum til pumpa kjem det varme ut tilsvarande 2-4 kilowattimar.

9. Biobrensel: Vi fyrer med ved og ein del bruker pellets og flis. Det blir varmt, nærast utan bruk av straum. Og brenselet finn vi i skogar som ropar etter å bli hogd.

10. Bølgjekraft: Ja, korleis går det med den?

11. Betre isolasjon: Gir behov for mindre energi til oppvarming.

Vi står att med varmepumpe, biobrensel og betre isolasjon som dei openberre løysingane. Svenskane har auka sin biobrenselbruk med ca. 15 TWh dei siste to åra. I Oppland fylke er dei i full gang med det same. Viss resten av Noreg følgjer etter, tilsvarar det forbruksauka dei siste 10 åra og meir til. Det vil frigjere straum, og vi har rikeleg nok i Noreg. Det einaste problemet som då står att er å få ein del av den frigjorte energien til Møre og Romsdal. Det får vi kome tilbake til.

Einaste problemet som er med alternativa frå 7 til 11 er at vi trur dei er dyrare. Det er delvis myter. Viss biverknadene av dei andre produksjonane skal betalast av nokon, blir desse også ein del dyrare. Til no har vi velta denne betalinga over til seinare generasjonar og fattigfolk andre stader i verda. Det kan vi ikkje halde fram med.

No framover er det ein del fine dagar til aktivitet i vedskogen. La det bli den nye folkesporten.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Telefon 91 81 25 42

Se TV-intervju om den såkalte energikrisa i Møre og Romsdal (stor fil)

Avslag på søknaden