Avfall og gjenvinning i Vestnes

Naturvernforbundet i Vestnes driv i desse dagar og registrerar ulovleg dumping av avfall i Vestnes kommune. Dette er eit stort og omfattande arbeid, så me har fyrst vald å konsentrere oss om forsøpling i og rundt vassdraga. Folk flest ynskjer å ha det ryddig og reint rundt seg, noko som tydeleg kjem fram av dei mange positive tilbakemeldingane me har fått etter at me sette i gang med dette arbeidet.

Lovverket

Forureiningslova har mellom anna til formål å redusere mengda avfall og å fremje ei betre handtering av dette. I retningsliner for praktisering av lova heiter det mellom anna at «Avfall skal tas hånd om slik at det blir til minst mulig skade og ulempe. Det skal gjenvinnes der dette ut fra en avveining av miljøhensyn, ressurshensyn og økonomiske forhold er berettiget», og at «Kostnadene ved å hindre eller begrense forurensning og avfallsproblemer skal dekkes av den ansvarlige for forurensningen eller avfallet».

Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven).

§ 28. (forbud mot forsøpling)

Ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmende eller være til skade eller ulempe for miljøet.

37. (pålegg om å rydde opp i avfall o.l. eller betale for opprydding)

Kommunen kan gi pålegg om at den som har etterlatt, tømt eller oppbevart avfall i strid med § 28, skal fjerne det, rydde opp innen en viss frist, eller at han skal dekke rimelige utgifter som noen har hatt til fjerning eller opprydding.

§ 79. (straffansvar for ulovlig håndtering av avfall)

Med bøter eller fengsel inntil 3 måneder eller begge deler straffes den som forsettlig eller uaktsomt.

Open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall er etter Forureiningslova i utgangspunktet forbode. Lokale forskrifter kan opne for visse typar brenning. Vestnes kommune har inga slik forskrift, så open brenning og brenning av avfall i småomnar er difor ikkje tillate.

Det er kommunen som skal fører tilsyn med dette. Dei kan mellom anna påleggje den som ureinar å sørgje for å stoppe, fjerne eller avgrense verknaden av forureininga, dele ut forureiningsgebyr og melde ulovleg forureining til politiet.

(Forureiningslova § 7 og § 8 om forbod og plikt til å unngå forureining)

Kjeldesortering i Vestnes

Frå 2009 vert det endring i avfallsordninga med at forureiningslova krev at organisk avfall som papir, plast, tre, mat og tekstilar ikkje kan deponerast i fylling. Dette inneber at restavfallet frå hushaldningane mest sannsynleg må brennast. Då vil det kanskje vere rett å gå over til avfallshenting med dunk.

Avfall som kan/skal leverast til Vestnes Renovasjon

Elektronisk/Elektrisk avfall (gratis levering)

EE-avfall er alle produkt og varer med elektriske og/eller elektroniske delar som til dømes: pc, tv, mobiltelefon, knappcellebatteri/oppladelege batteri, elektriske leiker/verkty, kvitevarer, stereoanlegg, sikringar og lyspærer/lysstoffrøyr/sparepærer. Mykje av EE-avfallet inneheld helse- og miljøfarlege komponentar som til dømes bly, kvikksølv, bromerte flammehemmarar, PCB og kadmium. Det er difor forbode å kaste dette i vanleg avfall.

Vanlege alkaliske eingongsbatteri (lommelykt, radio o.l.), brunsteinsbatteri og litiumbatteri (røykvarslar, kamera o.l.) kan kastast i vanleg søppel. Vestnes Renovasjon meiner likevel at alle typar batteri skal handterast som farleg avfall og innleverast. Regelverket har vore litt uklart på dette punktet, så er du usikker, lever inn alle.

Bransjen hentar EE-avfall frå butikkar som sel slike varer og frå kommunale mottak. EE-avfallet vert utsortert og vidaresendt til anlegg for demontering, ombruk, gjenvinning og/eller destruksjon.

Hageavfall (20 kr. per lass)

Tjukke greiner, røter og steinar er ikkje hageavfall. Hugs å fjerne eventuelle plastsekkar.

Hageavfallet vert lagra, kverna, blanda med matrestar frå hushald og kompostert ved Vestnes Renovasjon sitt komposteringsanlegg i Øveråslia.

Jarn og metall (gratis levering)

Dette gjeld alle typar metall, òg metallgjenstandar som inneheld til dømes tre og plast . Men metall med restar av spesialavfall og elektriske produkt skal ikkje leverst saman med dette.

Skraphandlarar hentar metall frå gjenvinningsstasjonen (kan òg leverast direkte til dei). Det meste av metallet vert resirkulert ved Noregs største gjenvinningsbedrift i Mo i Rana.

Miljøfarleg avfall/Spesialavfall (gratis levering)

Miljøfarleg avfall er avfall som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg ureining og skadar på menneske og dyr. Dette kan vere restar av måling, lim og lakk, olje (filler/filtre etc.), kjemikaliar, syrer og basar, reingjerings- og vedlikehaldsmidlar, bilbatteri, knappcellebatteri, oppladelige batteri, plantevernmiddel, tennvæske, white spirit, sprayboksar med restar, vindauge med PCB (1965-75). Er du i tvil, spør om råd!

Det er viktig å merke miljøfarleg avfall tydeleg med opplysningar om innhald eller levere avfallet i originalemballasjen. Spesialfirma hentar miljøfarleg avfall frå betjente mottak og sorterar det. Dette vert vidaresendt til destruksjon på Langøya og i Brevik.

Tørt trevirke (gratis levering)

Dette gjeld alle typar reint trevirke, bortsett frå sterkt måla flater og sponplater. Om det er spikar i, gjer ikkje noko. Trykkimpregnert trevirke må leverast separat til kommunalt avfallsmottak.

Vått trevirke må tørkast, så det må ein betale litt for ved levering. Tørt trevirke utan måling går til brikettar ved Myra biobrenselanlegg.

Avfall som blir henta og frakta til Vestnes Renovasjon (renovasjonsavgift)

Papir, papp og kartong

Reklame, aviser, vekeblad, tidsskrift, kontorpapir, konvoluttar utan vindauge, brevark, papp, akartong, papirposar osv. kan leggjast i papirdunken. Stiftar, binders, korkar o.l. treng ein ikkje fjerne. Drikke-, dessert- og væskekartongar skal skyljast, brettast og samlast i kubbar (minimum 7 stk.). Merkar du den med namn og telefonnummer, kan du vere med i ei trekning med gevinstar på 10 000 kr og ein på 100 000 kr kvart kvartal (Grønt Punkt Noreg AS).

Innbundne bøker, tørkepapir, papir som er fuktig eller sterkt forureina av matrestar, olje ol., papir samansett med plast eller metallfolie (unnateke kartong/drikkekartong), papirtypar med plastbelegg, som t.d. vinduskonvoluttar, skal ikkje leggjast i papiret.

Papir, papp og drikkekartong går til utsortering hjå Veolia Miljø i Ålesund og derifrå vidare til materialgjenvinning ved ulike anlegg.

Matavfall

Døme på matavfall er kjøt, fisk, grønsaksrestar, kaffigrut, kaffifilter, teposar, eggeskal, bein, fruktskal, bær og tørkepapir/serviettar. Matavfallet skal leggjast i bioposar og kastast i brun dunk. Vått avfall bør avrennast eller pakkast inn før det vert kasta i dunken.

Matavfallet vert levert til Vestnes Renovasjon sitt komposteringsanlegg på Øveråslia. Her vert matavfallet omdanna til god og næringsrik jord.

Restavfall

Restavfall er det avfallet som blir igjen etter at avfall som kan gjenvinnast og spesialavfall er sortert ut. Døme på restavfall er urein plastemballasje, plaster, gasbind og bandasjar, bleier og bind, vattpinnar (Q-tips), eingongshøvlar, CDar og kassettar, gips, gummi, keramikk og porselen, eingongsservice og plastbestikk, drikkebeger, sikringar, penslar, tusjar og pennar, oske (avkjølt), støvsugarposar, pleksiglas, produkt samansett av ulike materiale, isolasjon (ikkje mjuk røyrisolasjon), golvteppe, golvbelegg i plast, samansette produkt, til dømes papir/plast.

Det er viktig å ikkje kaste matavfall saman med restavfallet, sidan dette vil føre til lukt og skadedyr i området rundt søppelplassen. Restavfallet blir deponert i Øveråslia (VR).

Plastemballasje

Plastemballasje vert ikkje lengre samla inn og gjenvunne i Vestnes, sidan dette på ein eller annan måte vart ulønsamt!? Dette vil me i Naturvernforbundet i Vestnes sjå nærare på.

Plastavfall som vert samla inn frå norske hushaldningar vert sendt til eit avansert sorteringsanlegg i Sverige. Dette gjev likevel større klimagevinst enn om det blir brent og utnytta til varme o.l. her i Noreg. Kvar kilo plast som blir gjenvunne sparar miljøet for opptil to kilo CO2. Kvar nordmann kastar i gjennomsnitt 14,7 kg plastemballasje årleg. Berre 17 % av hushaldningsplasten blir sortert og samla inn. I 2006 vart 95 % av dette brukt til å lage nye plastprodukt som støyskjermar, røyr, byggemateriale, søppelsekkar osv.

Avfall som skal leverast på miljøstasjon (gratis)

Glas- og metallemballasje

Alle typar reingjort glas- og metallemballasje og tubar i metall (kaviar, majones o.l.) skal leverast i eigne igloar som ein finn utanfor dei fleste matvarebutikkar. Farga og klårt glas skal kvar for seg, medan metall kan leverast saman med begge. Lokk av metall kan òg leverast.

Produkt som ikkje er emballasje, som til dømes drikkeglas, glas frå vindauge, vasar, keramikk, porselen, sykkeldelar og verkty, skal ikkje saman med glas- og metallemballasjen.

Glas- og metallemballasje vert levert til Norsk Glasgjenvinning i Fredrikstad for finsortering. Metallet kan smeltast om og glaset blir mellom anna til isolasjon og glasbetong.

Klede og sko

I lysegrøne UFF-containerar som står plassert fleire stadar i Vestnes kan ein levere brukte klede, sko og tekstilar. Desse må vere reine, heile og godt innpakka i posar, klare til ny bruk.

Klede med god kvalitet seljast i UFFs Second Hand butikkar i Noreg, sommarklede sendast til UFFs søsterorganisasjonar i Afrika, vinterklede går til Aust-Europa og noko går til gjenvinning som til dømes isolasjon i hus. Ulandshjelp frå Folk til Folk (UFF) brukar midlane dei får inn til u-landshjelp: barnehjelp og AIDS-førebygging, bygging av skular, treplanting, undervisning og nødhjelp.

Avfall som skal leverast til forhandlar (gratis)

Bilvrak (vrakpant)

For bilvrak finst det ei eiga innsamlingsordning som finansierast delvis med ei vrakpantavgift på nye køyrety. Bilvrak er eit svært samansett avfall, men med dagens ordning blir 75 % av bilvraka si vekt gjenvunne. Bilvrak skal leverast på godkjende oppsamlingsplassar. Vrakpanten er i dag på 1500 kr, men ei solid auke er i vente.

Bilbatteri

Bilbatteri inneheld helse- og miljøfarlege komponentar. Det er difor viktig for miljøet at desse vert samla inn og gjenvunne (Rebatt AS / AS Batteriretur) Bilbatteri kan mellom anna leverast på bensinstasjonar.

Bildekk

Dekkbransjen har ansvar for å samle inn og gjenvinne brukt dekk. Alle typar dekk, unnateke sykkeldekk, kan leverast inn. Hugs at felgen må vere fjerna. Ein del av dekka vert regummiert eller eksportert og ein del vert materialgjenvunne til ny gummi. Mesteparten av personbildekka vert kverna og brukt som brensel i sementproduksjon.

Elektronisk/Elektrisk avfall

EE-produkt skal leverast i butikkar som sel same type produkt. Butikken pliktar å ta i mot, uavhengig av merke og kvar produktet opphavleg vart kjøpt. Altså: mobiltelefon til mobilforhandlaren, lysrøyr til matbutikken, blinkande joggesko til skobutikken osv.

Medisinrestar

Medisinrestar skal leverast på apoteket. Det er viktig for miljøet at dette avfallet vert samla inn og destruert forsvarleg. Hugs at medisin har datostempling og ikkje bruk restar til behandling utan å rådføre deg med lege. Oppbevar medisinar brannsikkert/innelåst.

Spylarvæskekanner

Spylarvæskekannene kan leverast på stadig fleire bensinstasjonar. Plasten er godt egna for materialgjenvinning (Plastretur) og blir mellom anna brukt til kontorstolar, røyr og vant for fotballbingar.

Flasker og boksar (pant)

Det er Norsk Resirk som driv panteordninga med flasker og boksar i Noreg. Det er pant på over 400 boksar og over 500 plastflasker. Alle flasker og boksar kan leverast til forhandlar, sjølv dei utan pant (utanlandske). For å få panten utbetalt, må strekkoden vere i orden. Gjenvinning av boksar og flasker er svært miljøvennleg i forhold til å produsere nytt.

Vestnes Renovasjon AS

Avfallsplassar legg beslag på store areal og fører til lukt, skadedyrplager og utslepp av metan til atmosfæren og næringsstoff til grunnvatn og vassdrag. Difor er det viktig å redusere avfallsmengdene til deponi.

Vestnes Renovasjon AS starta opp i 1987. Anlegget ligg på Øverås og er bygd ut for å tilfredsstille dei krava sentrale og lokale myndigheiter stiller. Det er òg lagt stor vekt på å gjere konseptet lett tilgjengeleg, enkelt og rimeleg å bruke for kundane. Vestnes Renovasjon samarbeider med Vestnes kommune når det gjeld deponering av avfall. Dette omfattar òg bioenergi, der brenselsbrikettar blir levert til fjernvarmeanlegget på Vestnes.

Kontaktinformasjon

Adresse: Øveråslia, 6390 Vestnes

E-post: vr@xi.no

Web: http://www.vestnes-renovasjon.no

Telefon: 71182891

Opningstider

Måndag – Fredag: kl. 10:00 – kl. 15:00

Tysdag: Langope til kl. 19:00

Forbruk, miljø og gjenvinning

Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser ein enorm forbruksauke i norske heimar. Nordmenn kastar no i snitt 418 kg hushaldningsavfall per år. Det er 40 % meir enn i 1995. Økonomisk vekst har ført til auka produksjon og forbruk. Ei negativ side ved dette er at me produserer stadig meir avfall.

Avfall og avfallshandtering er ei kjelde til fleire miljøproblem, og fører til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter. Mengda avfall som blir gjenvunne har heldigvis auka dei siste åra og avfall som blir deponert har vorte redusert. Det er difor særs viktig med kjeldesortering, og her må alle ta eit ansvar!

Forslag til tiltak ein kan gjere for å redusere avfallsmengda

· Seie – Nei, takk til reklame og telefonkatalogen

· Levere, selje og kjøpe brukte ting på loppemarknad, TREMEK, brukthandel, FINN.no o.l.

· Kjøpe produkt med god kvalitet og reparer øydelagde ting i staden for å kjøpe nytt

· Gje alternative gåver; tenestar, opplevingar, medlemskap, blomar, mat/drikke..

· Bruke om igjen plastposar når du handlar eller gå over til å bruke bærenett, ryggsekk osv.

· Kompostere mat/kjøkken- og hageavfall heime

· Unngå bruk av eingongsprodukt som eingongsbestikk- og service, eingongsklutar o.l.

· Velje varer med lite emballasje

· Osv.

Nyttige og relevante lenkar

http://www.miljostatus.no

http://www.loop.no

http://www.gronnhverdag.no

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Søknad om oppgradering frå Vestnes renovasjon – august 2007

Ytterlegare dokument til søknaden – april 2008

Oppstart av regulering for Vestnes renovasjon

Naturvernforbundet på vitjing på Vestnes renovasjon

Naturvernforbundet på vitjing på Vestnes renovasjon

Naturvernforbundet på vitjing på Vestnes renovasjon

Naturvernforbundet på vitjing på Vestnes renovasjon

Naturvernforbundet på vitjing på Vestnes renovasjon