Avfallshaugane på Eide

15 års arbeid fører endeleg til opprydding

I 2007 fekk Naturvernforbundet eit tips om kaotiske tilstandar ved ei avfallsverksemd i Eide. Etter den tid har Naturvernforbundet følgd denne saka meir og mindre til den siste konkursen var eit faktum.

Dette kunne ha vore ei sak om at Naturvernforbundet nådde fram og noko blei gjort. I staden har saka blitt eit monument over mange aktørar som ikkje har gjort det dei burde. No er det om å gjere at dei som har ansvar rydder opp på ein skikkeleg måte, og at noko slikt aldri hender igjen.

Nedanfor finn du ein film, eit dokument som viser litt kva Naturvernforbundet tok opp med Møre og Romsdal fylke i januar 2008 og nokre bilete frå desember 2007.