Avinor unntatt for klimaansvar?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Lufthamnsjef Ole Kristian Pettersen ved Kristiansund lufthavn Kvernberget opplyser til Tidens Krav at lufthamna skal få dobla parkeringskapasitet. Det er vel for at det skal vere fleire som flyg, og brukar bil på dei strekningane det ikkje er råd å fly. Vi andre skal i framtida bruke mindre bil og mindre fly for å berge miljøet. Skal Avinor vere med på jobben, eller har dei andre planar?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal