Både bra og dårleg i forslaget til fylkesplan

Møre og Romsdal har hatt ute forslaget til fylkesplan på høyring hausten 2008. Naturvernforbundet er nøgd med nokre av hovudtrekka i planen, men samstundes er Naturvernforbundet usikre på om fylket eigentleg meiner det dei skriv.

På den eine sida står det i forslaget til fylkesplan at Møre og Romsdal fylke skal bli eit grønt fylke som legg godt til rette for frivillige organisasjonar. På den andre sida står det at Møre og Romsdal fylke skal satse tungt på meir vegbygging og meir forureining, og sjølve behandlinga av fylkesplanen etterlater ingen tvil om at Møre og Romsdal fylke ikkje ønskjer innspel frå frivillige organisasjonar.

Naturvernforbundet har etter å ha gitt fråsegn til fylkesplanen også sendt innspel til Miljøverndepartementet. Bakgrunnen er at Miljøverndepartementet skal godkjenne fylkesplanen endeleg.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet til framlegget til fylkesplan

Fråsegna frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Miljøverndepartementet

Støtte frå Miljøverndepartementet til Naturvernforbundet når det gjeld planprosessen

Kommentarar frå Møre og Romsdal fylke til brevet frå Naturvernforbundet til Miljøverndepartementet