Be skogeigaren hente sitkagrana si

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Ein ting kan ein stole på når det gjeld skognæringa. Dei veit korleis dei kan tene pengar på skog. Utover det bør ein ikkje stole på skognæringa. Nyleg serverer representantar frå Allskog, Skogselskapet i Rogaland og Moelven Van Severen i eit innlegg udokumenterte påstandar og eventyr om sitkagrana. 

Mellom anna kjem det påstandar som langt på veg seier at viss noko er økonomisk viktig bør det ikkje førast opp på svartelista. Berre fordi skogeigarar kan tene pengar på sitkagrana skal altså resten av samfunnet sjå bort frå problema knytt til at arten kjem ut av kontroll. Så lenge skogeigarane tenkjer slik, då fortener dei motstand.

Skogeigarane samanliknar i innlegget mårhund og sitkagran og påstår at «Mårhund har spredd seg hit selv». Andre som seier noko om mårhunden fortel at den er opphavleg frå Korea, Japan, Vietnam og Kina. Den er innført først til Øst-Sibir og frå slutten av 1920-talet til Ukraina og vestlege Russland. Derifrå har han kome av seg sjølv til Noreg. Viss ikkje skogeigarane kan kome opp med dokumentasjon av at mårhunden har gått heile vegen frå Kina, så er dette lettvint omgang med sanninga.

«Sitkagrana er derimot innført under solid offentlig kontroll og forskning i snart hundre år,» seier skognæringa i nemnte innlegg. Sjølv om dette er heilt rett, så er det også heilt feil. Det er ganske vesentleg å spørje om kva det offentlege har kontrollert. Dei har kontrollert om såfrøet har god spireevne og slike ting, og det arbeidet kan ein nok rekne med har vore solid. Men har dei kontrollert kva som har skjedd etter ei stund der sitkagrana er planta? Og forskinga på om sitkagrana kan brukast til noko, om kor stor avstand ho skal plantast med for å gi optimalt utbytte og slike ting, er det nok heller ikkje noko å seie på. Men forskinga om kvar frøa til sitkagrana fyk og kva som så skjer, den har ikkje skognæringa eller det offentlege ofra særleg tanke.

Å bruke sitkagrana i klimasaka bygger også på føresetnader som er tvilsame. Å plante sitkagran, la ho vekse fort, avslutte CO2-rekneskapen og så etterpå hogge sitkagrana, det er opplegget vi har sett til no. Når ein ser eit moderne hogstfelt, så er det ikkje lett å forstå at det der er bunde meir CO2 enn før det blei planta. Og stokken som blir tatt bort er CO2-lager berre ei kort stund. Etter gjennomsnitt 2,1 år er heile stokken omsett til det som var utgangspunktet, mellom anna CO2. 

Naturskogen samlar karbon. Det er så klart at folk sjølv kan sjå det.  Då istida var over var det blanke berg og ganske rein grus. Etterpå har det blitt både brunt og svart jordsmonn oppå dette, naturen si oppsamling av karbon, utan skogeigarane si hjelp i mange høve.

Elles ser eg at skogeigarane har meldt seg til å rydde opp i uønska sitkagran: «I mellomtiden (30-50) år kan noen med motorsag eller lignende rydde den bort om spredningen er uønsket», blir det skrive i innlegget. Har du sitkagran som har komen luftvegen på eigedomen din, ring til ein skogeigar som har sitkagran og be han hente rømlingen.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal